Kontaktperson:
Formidlingskoordinator
- E-post
- henriette.h.hultmann@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 14 42
Inngangsparti
- Hovudinngangen til museet ligg i første etasje.
- Inngangen har rullestolrampe med slak stigning.
- Døra har døropnar.
Heis
- Det er heis mellom første og andre etasje.
Planløysing
- Hovudutstillinga ligg i første etasje.
- Temautstillinga og kaktushuset ligg i andre etasje.
- Det er heis mellom første og andre etasje.
- Det er rullestolrampe med slak helling mellom heis og temautstilling.
- Det er rullestolrampe med slak helling mellom temautstilling og kaktushuset.
- Dørene har døropnar.
Parkering
- Museet har to gratis HC-parkeringsplassar.
- Parkering for publikum kostar 14 NOK per dag.
- Parkering betalast på automat eller ved bruk av parkeringsapp.
- Innkøyring til parkeringsområdet er frå Gimleveien.
- Det er ikkje tillate å køyre med bil på vegane i botanisk hage.
- Det er ikkje tillate å parkere bilen på graset ved botanisk hage (ved Bernt Holms vei).
HC-toalett
- Toaletta ligg i andre etasje.
- Museet har eit HC-toalett med stellerom.
- HC-toalettet har ikkje døropnar.
- Museet har fire unisex-toalett.
- Toaletta er gratis for museets besøkande, andre betalar 10 NOK.
- Toaletta har kodelås. Du får koden i resepsjonen.
Høyrsel
- Det er ikkje teleslynge.
- Enkelte element i utstillingane er med lyd. Desse er høyrseltolka på tilhøyrande plakat.
Syn
- Taktilt leidesystem frå hovudinngang til resepsjon, opp trapper og rullestolramper.
- Ingen taktile leidesystem i utstillingane.
- Taktile skilt på toalett.
- Enkelte element i utstillingane er med lyd.
- Fleire informasjonsskjermar og utstillingsskjermar kan forstørre skrift og bilder.
Dyr
- Det er tillate å ha med førar- og servicehund. Det er ikkje tillate å ta med seg andre dyr inn i bygningen.
- Hund må haldast i band i botanisk hage. Plukk opp etter hunden, og kast posen i nærmaste avfallsdunk. Det er fleire avfallsdunkar i området.
Varelevering
- Port hindrar trafikk frå parkeringa og inn til driftsområdet.
- Ved vareleveransar og liknande opnast porten. Ring resepsjonen (38 14 24 70) for å opne porten. Nummeret står også på sjølve porten.
Botanisk hage
- Eigna for rullestolbrukarar.
Ljosland fjellhage
- Eigna for rullestolbrukarar. Obs: litt stor stigning i enkelte område.
Kart
