– Det er eit stort prosjekt med mange detaljar og omsyn, men så langt går det bra og etter planen. Slik det ser ut nå, er det mykje som tyder på at framdrifta vil fortsette i same spor.
Det seier Åshild Kristensen Foss, fungerande prosjektleiar for UiA sin innhalddel av kunnskapssenteret. Universitetet disponerer 1000 m² av det 3000 m² store nybygget, der Vitensenteret Sørlandet disponerer resten.
UiA sin del består av eitt stort utstillingsrom, og dessutan verkstadar, mingleareal og fleksible undervisings- og samskapingslokale.
I tillegg er det lagt opp til at UiA og Vitensenteret Sørlandet kan nytte enkelte areal i fellesskap – slik at ein kan låne lokale av kvarandre ved behov. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid og sambruk på tvers av aktivitetane i bygget.
Kristensen Foss fortel at ferdigsynfaringa saman med byggefirmaet Skanska ikkje avdekte vesentlege avvik. Berre smådetaljar blei påpeikt. Desse vert utbetra no fram mot overleveringa av bygget til byggherren. Det skjer etter planen i mars neste år.
Deretter vert bygget teke i bruk stegvis fram til den offisielle opninga for publikum i juni. Byggherre og eigar av bygget er Hans Jacob Låhne i Greveskogen Eiendom.
Hjernereisa byggjast i England
Den fungerande prosjektleiaren for Universitetets innhald i bygget fortel òg at Hjernereisa – den første store utstillinga frå UiA i det nye kunnskapssenteret – no er under bygging, nokre av dei mest komplekse installasjonane blir laga hos den interaktive utstillingsprodusenten Science Projects, som spesialiserer seg på å engasjere publikum med vitskap gjennom praktiske, interaktive opplevingar.
Hjernereisa blir ein sentral del av Vitensenteret og vil bestå av tema som vev saman den fascinerande koplinga mellom biologi og psykologi. Utstillinga er interaktiv og inviterande, med installasjonar som gjer kompleks kunnskap om hjernen tilgjengeleg og engasjerande.
- Målet er å vekke nysgjerrigheit og inspirere barn, unge og vaksne til å utforske korleis hjernen fungerer, korleis biologiske prosessar heng saman med tankar, kjensler og åtferd. Gjennom spennande og underhaldande opplevingar ønsker vi å senke terskelen for å lære meir om realfag og skape begeistring for vitskapen som formar forståinga vår av mennesket.
Prosjektet er eit samarbeid mellom hjerneforskarane Tor og Hanne Stensola frå Universitetet i Agder, Vitensenteret Sørlandet, filmprodusent Kristian Landmark og RVTS. Det er finansiert av Spareskillingsbanken.
Kort om Vitensenteret UiA
- Vitensenteret UiA er klart på Campus Kristiansand frå våren 2026. Senteret skal bli ein attraktiv møteplass mellom barn, ungdom, bedriftar, organisasjonar, ansatte og studentar.
- Statsbygg eig grunnen og bortfestar til nybygget, som ligg på UiA sin campus på Gimle, ved Spicheren Treningssenter og studentsamskipnaden sitt Helsehus.
- Bygget er på 3000 kvadratmeter fordelt på tre etasjar, med Vitensenteret Sørlandet, UiA sine lokalar og kafé.
- Byggherre er Greveskogen Eigedom AS i Oslo, gjennom Vitenbygg Campus Kristiansand AS. Skanska Bygg Region Sør står for utbygginga.
- Arkitekt er Filter Arkitekter i Oslo, som òg har teikna ny skule og idrettssenter på Tangvald i Søgne.
- Prosjektet er organisert som eit offentleg-privat samarbeid (OPS). Det private selskapet har ansvar for bygging, finansiering, drift og vedlikehald, medan UiA og Vitensenter Sørlandet vert leigetakarar.
