English version of this page

UiA i nasjonal Forskar Grand Prix-finale

– Det har vore utruleg lærerikt, og eg har blitt mykje tryggare på mi eiga forskingsformidling.

Bilde av Ådne og Mathilde på scenen

Ådne Ausland og Mathilde Elsa Christensen representerte UiA i den nasjonale finalen av Forskar Grand Prix på Edderkoppen scene.

Av Sissel Eikeland
Publisert 24. sep. 2026 - Sist endret 25. sep. 2026

Det seier UiA-stipendiaten Ådne Ausland. Saman med kollega Mathilde Elsa Christensen, stilte dei i den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix torsdag 24. september.

Der møtte dei ti beste kandidatane frå dei regionale finalane. I eit forrykande finaleshow på Edderkopppen scene fekk kvar kandidat fire minutt til å presentere forskinga si på ein klar, kreativ og overbevisande måte. Solveig Kloppen var konferansier og lósa deltakarar og publikum gjennom kvelden.

Breidda var stor, både når det gjeld fag, institusjon og kva deltakarane ville med forskinga si. I tillegg til Universitetet i Agder kom det deltakarar frå Universitetet i Bergen, Nord universitet, Universitetet i Oslo og UiT Noregs arktiske universitet.

Tre deltakarar gjekk vidare til ein superfinale og fekk nye 4 fire minutt til å fortelje meir om forskinga si. Ådne Ausland var ein av desse. Til slutt blei Victoria Vinje-Jakobsen frå UiOs medisinske fakultet kåra til vinnar og kan kalle seg årets beste forskingsformidlar. Vinje-Jakobsen imponerte med lettfatteleg forklaring om førebygging av hjarteskade hos brystkreftpasientar.

Det var fagjuryen og publikum som avgjorde kven som blei årets nasjonale vinnar. I fagjuryen sat skodespelar Iren Reppen, formidlar Andreas Wahl og administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. Dei er domarar for høvesvis scenekunst, formidling og akademia.

Les også då Johanna Marcussen frå UiA vann finalen i 2025

Ådne Ausland
Ådne Ausland

– Ei oppleving for livet

Sjølv om det ikkje blei siger denne gongen, er begge stipendiatane tydelege på at deltakinga har vore verdifull.

– Eg har kjent på personleg vekst og profesjonell vekst. Eit heilt team av kompetente rettleiarar har stått klare til å bidra slik at eg blir ein betre formidlar. Det er fantastisk. Direkte tilbakemeldingar og meir oversikt over blindsoner i framtoninga mi har vore veldig utviklande, seier Christensen.

Til dagleg er Christensen stipendiat ved UiAs Institutt for helse- og sjukepleievitskap. Der forskar ho på korleis ungdom opplev det når ein i familien blir kritisk sjuk og lagt inn på ei intensivavdeling.

Ausland er stipendiat ved Institutt for idrettsvitskap og kroppsøving, der han utviklar og testar ut eit nytt utdanningsprogram for trenarar som jobbar med kvinnelege idrettsutøvarar.

Mathilde Elsa Christensen
Mathilde Elsa Christensen

Ausland er nøgd med deltakinga i Forskar Grand Prix og den nasjonale finalen i Oslo.

– Å sjå at forskinga faktisk treff eit publikum utanfor akademia er ei heilt anna oppleving enn å publisere ein artikkel som ein ikkje aner om folk les. Eg trur sterkt på at forsking må ut av kontora våre og til folk som faktisk kan bruke han. I mitt tilfelle til trenarar og utøvarar, seier Ausland.

Formidling er ei ferdigheit som må trenast

Begge UiA-finalistane understrekar at det å komprimere fleire års forsking til fire minutt, utan fagsjargong, har vore krevjande, men også noko av det viktigaste dei har lært.

– Formidling, utan tvil, er det som har gitt meg mest utfordringar, nettopp fordi det er noko vi har jobba minst med i doktorgradsløpet. Å samanfatte fleire år med forsking ned til fire minutt, utan avansert forskingsspråk, og samtidig behalde det viktigaste innhaldet, kravde ein heilt annan type arbeid enn det eg er vande til, seier Ausland.

– Det å stå på scena framfor mange og få det til å sjå naturleg ut er nok det som har gitt meg mest utfordringar. Veldig gøy, men ein må tenke mykje gjennom korleis kroppsspråket er, seier Christensen.

Begge seier dei vil tilrå andre ph.d.-kandidatar å delta neste år.

– Formidling er ei ferdigheit, akkurat som å skrive ein vitskapleg artikkel, og den blir ikkje betre av å bli utsett. Sjølv om det tar mykje tid, er det veldig spennande og absolutt verdt det, seier Ausland.

Årets beste forskingsformidlar blei Victoria Vinje-Jakobsen
Årets beste forskingsformidlar blei Victoria Vinje-Jakobsen frå UiOs medisinske fakultet.

– Forskingskommunikasjon blir stadig viktigare

Forskar Grand Prix er ein del av Forskingsdagane, og er ein konkurranse i forskingsformidling for doktorgradsstipendiatar i Noreg, i regi av Noregs forskingsråd. Årets nasjonale tema for Forskingsdagane er «tillit».

– Vi i Forskingsrådet ser på Forskar Grand Prix som ei fantastisk moglegheit for forskarar til å få vist fram framifrå forsking og bli inspirert til å formidle, sa Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet. 

– Det å vise fram kva metodar og korleis de har gått fram, det gir tillit. Og når vi har tillit til forsking, har vi ein av dei aller viktigaste berebjelkane i demokratiet vårt, sa ho.

Forskar Grand Prix internasjonalt

Den norske Forskar Grand Prix-modellen og Universitetet i Agder har også inspirert samarbeidsuniversiteta i den europeiske universitetsalliansen Forthem, som omfattar ni europeiske land, til å etablere ein eigen europeisk konkurranse. Finalen i denne blir halden for tredje gong i år, i Opole i Polen i oktober. Ådne Ausland representerer UiA der.