English version of this page

i4Helse Visningsarena

Velkomen til i4Helse Visningsarena - ein stad som demonstrerer velferdsteknologi og hjelpemiddel som kan ha verdi for deg og ditt liv!

 

Open for alle

Visningsarenaen er gratis og open for alle å besøkja i opningstida kl.08.00-15.00.

Området er lagt opp til at ein kan gå rundt åleine og finna informasjon om dei ulike produkta. Du er hjarteleg velkomen til å gå rundt å sjå, prøva og lesa om dei ulike produkta som står stilt ut. 

Omvisning

Er dykk ei gruppe som ønskjer omvising og demonstrasjon av produkta, så blir det tilbode gratis omvisingar. Dette er noko som må avtalast i god tid på førehand.

Booking av omvisning

 

Om visningsarenaen

Visningsarenaen på i4Helse-bygget i Grimstad er eit resultat  av eit samskapingsprosjekt mellom i4Helse AS (no avvikla), Grimstad kommune og Universitetet i Agder.

Arenaen er delt opp i tematikkane «leike heile livet», «bu heile livet» og «lære heile livet». Ulike hjelpemiddel og velferdsteknologi er utstilt, og ein har høve til å prøva ut og få demonstrasjonar av løysingane. Utstyret vil variera frå sesong til sesong.

Målet er å inspirera og opplysa om kva hjelpemiddel som finst på marknaden for både pårørande, brukarar, helsepersonell, studentar osv. På den måten sikrar ein at ulike brukargrupper får tak i utstyr som er til hjelp i kvardagen, og som gir auka eigenmeistring.

Arbeidet med visningsarenaen starta i 2019, og har vorte til med midlar frå prosjektet "Agder som mønsterregion innan e-helse", finansiert av Aust-Agder utviklings- og kompetansefond.

Praktisk informasjon

Visningsarenaen finn dykk i første etasje i i4Helse-bygget, Campus Grimstad. Det finst handikapparkering utanfor Hovedinngangen (NO etg.). Det er også parkeringshus i bygget, der retningslinjene til UiA gjeld.

Det heng fire Ipader ved kvar sone, der ein kan trykkja seg inn, velja kategori og lesa om produkta utstilt. Her finn ein også QR-kodar som ein kan skanna med mobiltelefonen, som tek deg til ekstern produktside.
en skjerm med info om hvordan skanne qr-koder
Hylleprodukta i visingsarenaen har ein avtagbar QR-kode, som ein må skanna fysisk på QR-kodelesaren for å få opp informasjon om produktet. NB! Desse fungerer ikkje å skanna med mobiltelefonen.

Virtuell omvisning 

Sjekk ut vår virtuelle visningsfilm (ekstern nettside)

For leverandørar/utstillarar

Produktene som blir stilt ut er på gratis utlån frå ulike leverandørar. Vi har eit ønske om å vera ein dynamisk visningsarena, som betyr å rullera på ulike produkt til ulike sesongar. Har de lyst å stilla ut nokre av produkta deira er det berre å ta kontakt.

Kontaktperson

Bilde av Elisabeth Giil
Bookingansvarlig
E-post
elisabeth.giil@uia.no
Telefon
+47 37 23 31 89
Publisert 22. jan. 2024 - Sist endret 19. nov. 2025