Open for alle
Visningsarenaen er gratis og open for alle å besøkja i opningstida kl.08.00-15.00.
Området er lagt opp til at ein kan gå rundt åleine og finna informasjon om dei ulike produkta. Du er hjarteleg velkomen til å gå rundt å sjå, prøva og lesa om dei ulike produkta som står stilt ut.
Omvisning
Er dykk ei gruppe som ønskjer omvising og demonstrasjon av produkta, så blir det tilbode gratis omvisingar. Dette er noko som må avtalast i god tid på førehand.
Om visningsarenaen
Visningsarenaen på i4Helse-bygget i Grimstad er eit resultat av eit samskapingsprosjekt mellom i4Helse AS (no avvikla), Grimstad kommune og Universitetet i Agder.
Arenaen er delt opp i tematikkane «leike heile livet», «bu heile livet» og «lære heile livet». Ulike hjelpemiddel og velferdsteknologi er utstilt, og ein har høve til å prøva ut og få demonstrasjonar av løysingane. Utstyret vil variera frå sesong til sesong.
Målet er å inspirera og opplysa om kva hjelpemiddel som finst på marknaden for både pårørande, brukarar, helsepersonell, studentar osv. På den måten sikrar ein at ulike brukargrupper får tak i utstyr som er til hjelp i kvardagen, og som gir auka eigenmeistring.
Arbeidet med visningsarenaen starta i 2019, og har vorte til med midlar frå prosjektet "Agder som mønsterregion innan e-helse", finansiert av Aust-Agder utviklings- og kompetansefond.
Praktisk informasjon
Visningsarenaen finn dykk i første etasje i i4Helse-bygget, Campus Grimstad. Det finst handikapparkering utanfor Hovedinngangen (NO etg.). Det er også parkeringshus i bygget, der retningslinjene til UiA gjeld.


Virtuell omvisning
Sjekk ut vår virtuelle visningsfilm (ekstern nettside)
For leverandørar/utstillarar
Produktene som blir stilt ut er på gratis utlån frå ulike leverandørar. Vi har eit ønske om å vera ein dynamisk visningsarena, som betyr å rullera på ulike produkt til ulike sesongar. Har de lyst å stilla ut nokre av produkta deira er det berre å ta kontakt.
Kontaktperson
- E-post
- elisabeth.giil@uia.no
- Telefon
- +47 37 23 31 89