Kurset fungerer som ei bru mellom matematikken frå videregående og faget matematikk for økonomar ved Handelshøgskulen på Universitetet i Agder.
– Det er mange tøffe utfordingar når du kjem frå eit klasserom med 30 elevar til eit auditorium med opp mot 300 studentar, seier Ida Maria Landgärds-Tarvoll.

Ho underviser i matematikk for økonomar og forskar på koreleis undervisning kan støtte studentar i overgangen frå skule til universitet. Tidlegare i år forsvarte ho doktorgraden sin om korleis ulike undervisningstiltak kan redusere fråfall og styrke læring.
– Overgangen er vanskeleg, men skuldast verken dårlege lærarar eller slappe elevar, seier forskaren.
Ulik bakgrunn i matematikk fra vidaregåande
– Mange av studentane har rett og slett ikkje hatt den typen matematikk som krevst i økonomifaget. Du kan kome inn på økonomiutdanninga uansett kva for matematikk du har hatt på vidaregåande, seier Landgärds-Tarvoll.
Studentane har anten hatt praktisk eller teoretisk matte på vidaregåande. Det gir eit sprik i kunnskapen studentane har det første året i øknomiutdanninga, og det er bakgrunnen for at forskaren har laga forkurset: Alle studentane skal få ei innføring i det grunnleggjande som krevst for å lære matematikk for økonomar og lykkast med eksamen.
Argumenterer med matematikk
Matematikken blir brukt på ein annan måte i økonomifaget enn andre fag, mellom anna som ein vesentlig del av økonomiske modelleringar.
– Vi skal ikkje bevise tal, men analysere modellar og seie korleis grafar og tal vil sjå ut i framtida. I økonomifaget er matematikk også ei form for argumentasjon, der vi til dømes viser korleis eit utgangspunkt vil utvikle seg over tid gitt visse forhold, seier Landgärds-Tarvoll.
Sjølvstendige studentar
Forkurset startar med testar som viser kva studenten kan og ikkje kan. Deretter kan dei velje å følgje heile kurset, eller berre dei delane dei treng å lære meir om.
Kurset varer i åtte veker med 45 minutt undervisning og tre timar rettleiing kvar veke. Resten er digitalt sjølvstudium.
Omkring 210 studentar deltek på kurset.
Da forkurset vart gjennomført første gong i 2018, fall strykprosenten i matematikk for økonomar frå 35 til 10 prosent. Dei siste åra har han halde seg rundt 8-11 prosent.
Forsking i praksis
Forkurset byggjer på forsking og erfaring frå fleire år med undervisning.
– Det spesielle med kurset er at det er nøye tilpassa behova til studentane. Det gir dei innsikt i og ansvar for eiga læring gjennom digital sjølvtesting og tydelege mål for faget, seier ho.
Landgärds-Tarvoll meiner resultata viser at det er viktig å ta på alvor at studentar kjem med ulik bakgrunn.
– Studentene er smarte og ønskjer å lære. Når dei får nok informasjon og sjølvstende, vel dei å delta og engasjere seg, sier ho.
Læring og fellesskap
Forkurset har òg styrkt samhaldet mellom studentane.
– Vi har fått til ein god og viktig sosial arena der ein finn venner å vere med både på studiet og i fritida. Vi har studentar som har sagt at dei ville slutte på studiet, men som vart verande på grunn av miljøet, seier Landgärds-Tarvoll.
Referanse
Ida Maria Landgärds-Tarvoll: Institutional transitions related to mathematics in economics education: from school to university and from mathematics to economics doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2025.