Nils Harald Sødal har skrive bok om å forstå og oppleve klassisk musikk, men åtvarar mot å overtenkje musikken.
– Bach og hans Juleoratorium er noko av det mest intelligente vi har av musikk, men han taler til kjenslene og heile mennesket, seier han.
Sødal er musikar og forskar ved Universitetet i Agder (UiA) og Operahøgskulen ved Kunsthøgskulen i Oslo.
I den nye boka «Forstå og oppleve klassisk musikk» presenterer han ei personleg innføring i løyndomane til den klassiske musikken.
Meininga med musikk
Gjennom ni kapittel beskriv han ulike syn på den klassiske musikken. Han gjennomfører eit musikkhistorisk sveip i eitt kapittel og tek for seg musikken og kjenslene i eit anna.
Musikken og meininga får også eit eige kapittel. Det same gjer utøvaren som tolkar musikken.
Det med å tolke musikken er noko Sødal sjølv har drive med som solist i Den norske Opera & Ballett. Han er imponert over dagens unge, skriv han i boka. Dei er flinke og musiserer på eit høgt teknisk nivå. Men teknikk er ikkje nok, meiner han.
– Ein utøvar må ha ei personleg tolking som gjer musikken levande på eit anna nivå enn det reint tekniske, seier Sødal.
Han har den same bodskapen til oss som berre lyttar på musikken: Vi må lære oss noko om epokar og tradisjonar for klassisk musikk, men så må vi gi oss over til det vi høyrer.
– Lytt med heile deg. La deg tiltale. La musikken tale til deg. Vi vil jo gjerne tru at kunsten set oss i samband med noko større enn oss sjølve. Noko som går utover fornufta og tidsånda, noko bortanfor trendane og dagen i dag, noko som treff oss på eit djupare plan og gjer oss rikare, seier han.
Lytt aktivt
Sødal vil at vi skal lese boka i tett samarbeid med ein platespelar eller ei strøymeteneste. Kvart kapittel vert avslutta med fyldige forslag til å lytte gjennom Arvo Pärt, Mozart, Beethoven eller andre klassiske komponistar.
Han kvir seg for å instruere oss i korleis vi skal forstå musikk. Men no har han skrive denne boka, så då har han i grunnen ikkje noko val.
– Boka er skriven både for fagmiljøet og dei som er allment interesserte i klassisk musikk. Det gjeld all kunst at opplevinga vert rikare dess meir du forstår av feltet, seier han.
Jon Fosse og Bach
– Du kan lese Jon Fosse utan ein master i litteraturvitskap, men får meir igjen dess meir du veit om litteratur. Det same gjeld Bach. Viss du veit noko om Bach og hans tid og haldning til musikken, kan du oppleve fleire lag i musikken, seier han.
Med den nye boka vil han gi oss nokre verktøy til å opne kunstmusikken. Og når han no er inne på Bach, er det fordi vi spør kva vi skal lytte etter i Bachs Juleoratorium.
Matematisk, jublande og sårbart
– Bach er ein av dei tre store – Bach, Mozart og Beethoven – og kanskje den største blant dei. Viss han vert overgått av nokon, er det Mozart, seier Sødal, før han trekkjer fram nokre grunnleggjande ting vi bør vite om Bach:
Han var djupt kristen og skreiv musikk til kyrkja. Juleoratoriet handlar om Jesu fødsel og fødselens mysterium. Musikken er prega av den jubelen som oppstår når det nye bryt fram, men rommar òg jordnære og velkjente kjensler som tvil, sårbarheit og undring.
– Bach var òg kjend for å vere oppteken av tal og matematisk perfeksjon. Den ordna forma er for han eit bilde på Guds orden, seier Sødal.
Høyr solist, kor og orkester snakke saman
Men også perfeksjonen hos Bach gjeld det å gi seg over til.
– Hos Bach kan du høyre korleis solisten er i dialog med kor og orkester. Musikarane snakkar med kvarandre via song, tonar, klang. Dei kranglar så å seie med einannan, og da veks det fram eit nytt tema, nye melodilinjer. Det kan du høyre viss du lyttar etter det i Juleoratoriet, seier han.
Bach skreiv i barokken, ein periode frå omkring 1600-1750, kjenneteikna av dramatisk og overveldande musikk som speler på kjensler og skal overtyde lyttaren.
Ramma av skjebnesymfonien
No har eg fått Sødal til å snakke mykje om Bach og hans Juleoratorium, som nokon av oss kanskje skal lytte på no i desse juletider.
Men for Sødal var det ein annan av dei tre store som gav han hans eiga musikalske oppvakning.
Den oppvakninga skriv han om i ei sjølvbiografisk skisse tidleg i boka, og den skal eg ikkje gjenta her, anna enn å nemne at han var 11 år gammal og vart ramma av Beethoven – skjebnesymfonien, den femte – ba-ba-ba-baah – ba-ba-ba-baah.
Musikaren håper nok å ramme lesaren med liknande augneblinkar – der musikken, meininga, kjenslene brått grip tak i oss.
Referanse:
Nils Harald Sødal: Forstå og oppleve klassisk musikk, 2025