Nye bøker speglar mangfaldet i barne- og ungdomslitteraturen

Redaktørane bak to nye bøker om barne- og ungdomslitteratur vil gjere det lettare for litteraturformidlarar å nå nye lesarar. Temaa spenner frå økokritikk til raplyrikk.

Foto av redaktørane

– Enten vi skal formidle litteratur eller skape ny litteratur, er det ein stor fordel å ha god oversikt over kva som rører seg på barne- og ungdomsbokfeltet i dag. Det meiner Svein Slettan og Agnes-Margrethe Bjorvand, som er redaktørar for to nye bøker om barne- og ungdomslitteratur.

Av Walter Wehus
Publisert 2. juli 2026 - Sist endret 29. okt. 2026

Barne- og ungdomslitteraturen er mangfaldig, og omfattar både teikneseriar og raptekstar. Nå kjem to nye bøker som skal hjelpe formidlarar, forskarar og andre interesserte å navigere i det rike tilfanget av historier.

– Bøkene skal vere tilgjengelege for alle som ønsker ny innsikt i litteratur og barn og unge som lesarar, seier Svein Slettan på Universitetet i Agder (UiA).

Han og kollega Agnes-Margrethe Bjorvand er redaktørar for bøkene Nye barneboklesninger og Nye ungdomsboklesninger. Dei to vitskaplege antologiane er gitt ut av Cappelen Damm Forskning, og ligg ope tilgjengeleg på nett.

Nye bøker og Karpe

– Vi brenn begge to for samtidslitteratur, og strevar etter å gjere den aller nyaste litteraturen kjent og tilgjengeleg for litteraturformidlarar. Derfor er nesten alle bøkene det blir skrivne om her, heilt nye bøker, seier Bjorvand.

Dei to nye vitskaplege antologiane er gitt ut av Cappelen Damm Forskning, og ligg ope tilgjengeleg på nett.

Nokre heiderlege unntak finst. Jon Fosses barnebøker har for eksempel blitt gitt ut på nytt, og har fått ny aktualitet i og med at forfattaren blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. Anne-Stefi Teigland skriv om trilogien til forfattaren, Hundemanuskripta (1995-1997), i Nye barneboklesninger.

På det vi kan seie er den motsette enden av skalaen, tar Margarita Olnova og Elin Arnesen Moseid for seg raplåtane til Karpe i kapittelet «Dynamisk identitet – en analyse av identitetsforhandlinger og litterær flerspråklighet i Karpes lyrikk» i Nye ungdomsboklesninger.

– Det blir ofte gløymt at songlyrikk er ein viktig del av litteraturen. Og tekstane til Karpe er eit godt døme på at vi ser meir mangfald i tekstar for eit ungt publikum i dag enn for berre fem–ti år sidan, seier Bjorvand.

Samfunnskritikken er tilbake

Dei to redaktørane ser at samfunnskritikken som kjenneteikna litteraturen i 1970-åra, er tilbake igjen for fullt i 2026.

– Det er eit tydeleg innslag av samfunnskritiske haldningar i barne- og ungdomslitteraturen i dag. For eksempel er mange forfattarar opptekne av økokritisk tematikk, slik som Nora Dåsnes i teikneserieromanen La skogen leve! og Kathrine Nedrejord i romanen Alt for flokken – Eallu mu váimmus, som òg tek opp konfliktar knytte til samisk livsform og tradisjon, seier Slettan.

Bjorvand seier at skjønnlitteraturen er eit perfekt format for samfunnskritikk.

– Du blir kjent med nokons personlege engasjement, du møter personar som du blir kjent med og glad i, og dette kan påverke lesaren mykje meir enn ein politisk pamflett kan gjere, seier ho.

Polarisert lesing

Bjorvand ønsker å nyansere bildet som har blitt skapt av ei lesekrise blant nordmenn.

– Lærarar i skolen merkar at konsentrasjonen til elevane blir dårlegare. Samtidig melder norske bibliotek om utlånsrekordar, og det blir selt mykje barne- og ungdomsbøker, seier ho.

Forskaren meiner ei av forklaringane er ei polarisering, der nokre grupper les mykje meir, mens andre mykje mindre.

– Eit prosjekt eg deltok i gjorde ei stor, nasjonal undersøking som viste at 26 prosent av foreldre les fem bøker eller meir i veka for barna sine i barnehagealder. Samtidig svarte 33 prosent at dei sjeldan eller aldri les for barna sine i denne alderen.

Bjorvand fortel at i barnehagen er det barna sjølv som oftast tar initiativ til lesing, og dei som tar initativ er i stor grad dei som blir lesne for heime.

– Om ikkje barnehagar og skolar er merksame på denne polariseringa, står dei i fare for å forsterke forskjellane, seier ho.

Det var spesielt to ting som var utslagsgivande for om barn blei lesne for. Det eine var mødrer med høg utdanning. Det andre var at lesing var ein del av rutinane i familien, til dømes som ein del av leggerutinen om kvelden.

Treng variasjon

– Barn og unge er like mangfaldige som vaksne lesarar, og sjølv om noko slår an hos mange, vil det vere nokon som har behov for noko anna. Vi treng bøker som er varierte både i sjanger, tema og vanskegrad, seier Slettan.

Totalt bidrar 22 forskarar i dei to bøkene. 14 av dei er frå UiA.

I tillegg bidrar fleire forfattarar og bildekunstnarar med refleksjonane sine om å lage litteratur for barn og unge.