Slik vart avisene eit politisk verktøy

Med grunnlova kom trykkefridomen, og med trykkefridomen kom stadig nye aviser. Der skreiv dei mykje om kva ei avis skulle vere, men mest av alt skreiv dei for å få politisk innflytelse.

Foto av karikaturtegning i avis fra 1872.

Tidningsänglarne: Partiagitasjon ble sett på politisk ukultur gjennom store deler av 1800-tallet. Motviljen mot partipresse og agitasjon i pressen kommer til uttrykk i denne karikaturen fra vittighetsbladet Söndags-Nisse fra 1872. (Foto: Kungliga biblioteket)

Av Atle Christiansen
Publisert 16. juni 2026 - Sist endret 16. juni 2026

Det kom ein syndflod av nye blad, slo dei fast i ei avis tidleg på 1800-talet.

At dei kalla veksten ein «syndflod», understreka at det var noko uvisst med dei nye blada. Kva ville dei eigentleg?

– Dei ville ha makt. Samfunnsrolla til pressa var på denne tida svært uavklart. Avisene arbeidde med å finne rolla si og definere oppdraget sitt, men det er ingen tvil om at redaktørane i avisene søkte politisk innflytelse, seier Niri Ragnvald Johnsen.

Han forsvarte nettopp doktoravhandlinga si ved Universitetet i Agder. Avhandlinga dreiar seg om korleis politiske grupperingar i Sverige og Noreg i første halvdel av 1800-talet arbeidde for å påverke samfunnsutviklinga.

– Ei avisutgåve på den tida kunne vere fire sider lang, og gjerne fylt frå ende til annan av filosofiske betraktningar om samfunnsoppdraget til pressa. Litt spissformulert kan du seie at du som journalist tidleg på 1800-talet nesten berre skreiv om pressa, seier Johnsen.

Det vi i dag kallar aviser, kalla dei den gongen gjerne blad eller periodiske skrifter. 

Foto av intervjuobjektet Niri Ragnvald Johnsen.
Niri Ragnvald Johnsen viser i doktoravhandlinga si korleis pressa i Sverige og Noreg fekk politisk makt tidleg på 1800-talet.

Grunnlova og trykkefridomen

Hovudårsaka til veksten av nye blad er innføringa av grunnlovene i Sverige 1809 og Noreg 1814.

– Med grunnlovene kom det også nye lover om trykkefridom i begge landa. Trykkefridomen opna for at det etablerte seg ei ny offentlegheit med aviser som kunne diskutere politikk og samfunn, seier Johnsen.

Han har hovudsakleg studert to pressemiljø; dei borgarlege opposisjonsblada på 1810- og 1820-talet og dei radikale arbeidarblada i tida rundt 1848. Desse miljøa fanst både i Sverige og Noreg.

Journalistane definerte samfunnet

I våre dagar veit politiske rådgjevarar og andre kommunikasjonsfolk kor viktig det er å ramme inn ordskiftet med ord og vendingar som gjer at deira perspektiv på saka vinn fram. Det forstod også journalistane på 1800-talet.

Johnsen viser til dømes korleis uglesette omgrep som «opposisjon» og «partipresse» vart omdefinerte og etter kvart fekk ny meining. Dei vart gradvis forma om til nøytrale og etter kvart positivt ladde omgrep. Det skjedde i takt med at opposisjon og partiorganisering vart meir aksepterte som politiske praksisar.

– Med språket vart ulike forhold definerte, og på den måten vart politikk og samfunn forma av dei språklege formuleringane. Samtidig var dei språklege formuleringane forma av samfunnsforholda på den tida, seier Johnsen. 

Karikaturtegning fra 1849.
Folkets lektyr: I tiden rundt 1848 vokste det fram en radikal arbeiderpresse som ville representere folket. Karikaturtegning av arbeiderbladet Söndagsbladet og dets lesere, slik de ble framstilt i det samtidige bladet Synglaset i 1849. (Foto: Kungliga biblioteket)

Nye ord for ei ny tid

I avhandlinga viser han korleis omgrep som «den offentlige mening», «folkeviljen», «opposisjon» og «den fjerde statsmakt» for alvor vart tekne i bruk og knytte til samfunnsrolla til pressa i perioden 1809–1848.

Samtidig viser avhandlinga korleis idear og omgrep knytte til pressa vart importerte og utveksla mellom land i Europa og Skandinavia.

Pressehistoria har tradisjonelt vore svært nasjonalt avgrensa, men Johnsen har målretta leita etter kontakt og påverknad på tvers av landegrensene. Nye impulsar kom like gjerne frå Frankrike som Storbritannia, det er eit nytt funn i studien til Johnsen.

– I sum bidrar studien med innsikt i opphavet til vår tids førestillingar om den politiske oppgåva pressa har, seier Johnsen.

Ei overgangstid

I tida etter grunnlovene stod ideen om nasjonen sterkt. Men utover på 1800-talet vaks erkjenninga av at ulike grupper i samfunnet hadde ulike interesser.

– Det tidlege 1800-talet var prega av idealet om at den politiske debatten burde vere einskapleg, objektiv og rasjonell. Men etter kvart må ein gradvis ta inn over seg at politikken hadde vorten, og kanskje alltid hadde vore, ein interessekamp mellom ulike grupper som bønder, arbeidarar og embetsmenn, seier Johnsen.

Dermed fekk ein også i 1880-åra dei første politiske partia i Sverige og Noreg, og samtidig ei eiga partipresse. Det hadde vore nesten heilt utenkjeleg berre femti år tidlegare.

Tidlause spørsmål om pressas rolle

I debattane om samfunnsoppdraget til pressa den gongen finn vi også spørsmål som gir gjenklang i dag: Korleis skal ein orientere seg i eit veksande mylder av utgivingar og stemmer? Kan ein stole på media? Bidrar dei til samfunnsopplysing – eller er dei samfunnsoppløysande?

Johnsen minner om at det framleis finst eit utal aviser og tidsskrift frå det tidlege 1800-talet som knapt har vore studerte av historikarar. Under arbeidet med avhandlinga fann han sjølv fleire ukjende og lite utforska aviser, tidsskrift og brev.

– Heilt sentrale omgrep i det politiske vokabularet vårt er framleis understuderte. Det gjeld sentrale ord som «demokrati», «folket» og ikkje minst «politikk», seier Johnsen, som no held fram som forskar ved Syddansk Universitet.

Referanse

Niri Ragnvald Johnsen: Meningsbærerne. Pressemakt og politisk innflytelse i Sverige og Norge, ca 1809-1848, doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2026