Anna Fürstenberg ved Universitetet i Agder (UiA) arbeider med ei doktoravhandling om diktaren Anne Carson. Ho er ikkje overraska over at den gjeve Nobels litteraturpris går til kanadiaren.
– Det hadde overraska meg om ho vann prisen da eg byrja lese henne for 10 år sidan, men ikkje no. Dei siste åra har ho vorten enormt populær. Mange les henne og har fleire gonger føreslått henne til Nobelprisen, seier Fürstenberg.
Ho legg til at det er velfortent at Carson får prisen. Der er ho på linje med Jon Fosse, som sjølv fekk Nobels litteraturpris i 2023. Han uttaler til Morgenbladet at prisen er velfortent og ikkje uventa.
Kan lesast på norsk
Fleire av bøkene til Anne Carson ligg føre på skandinaviske språk. I Noreg har poeten Tone Hødnebø omsett fleire av bøkene, og kjem med enda ei i haust.
Fürstenberg minner om at Carson også har ein akademisk karriere, med ei doktoravhandling om klassisk litteratur på CV-en.
– Ho er skulert i klassisk antikk litteratur og går i eigne bøker i dialog med greske mytar og karakterar. Carson tek ofte utgangspunkt i antikk litteratur som ho sjølv har omsett frå gresk til engelsk, seier Fürstenberg.

Dialogen med klassisk litteratur bidreg til at Carson bevegar seg fritt mellom fortid og notid. På same vis bevegar ho seg fritt mellom ulike sjangrar og litterære former.
– Ei og den same boka av Carson kan innehalde både essay, dikt, omsetjingar og gresk mytologi. Denne djerve og grenseoverskridande stilen er eit særmerke ved hennar skrivemåte, seier Fürstenberg.
Gjennombrot med sjølvbiografi
Forskaren rår nye lesarar til å starte med romanen Autobiography of Red (1998). Romanen er skriven på vers, altså enda ei sjangerblanda Carson-bok. På norsk heiter boka Rød Selvbiografi og er gjendikta av Tone Hødnebø.
– Det var denne boka Anne Carson slo gjennom med hos eit breiare publikum. Trass i den uvanlege forma, vart boka veldig populær også blant yngre lesarar, seier forskaren.
Boka inneheld både essay, omsetjingar, fleire vedheng (appendiks), sjølve romanen og eit avsluttande oppdikta intervju med ein antikk poet.
– Carson forvandlar undervegs det mytologiske stoffet til ein slags moderne danningsroman, seier Fürstenberg,
Ein lærd og leiken forfattar
– Rød selvbiografi er ein god inngang til heile forfattarskapen hennar. Her viser Carson fram si leikne haldning til skriving og ho utnyttar møtet mellom det antikke og moderne. Dessutan skriv ho det eg synest er ei utruleg gripande kjærleiksskildring, seier Fürstenberg.
Ho viser også til Nox (2010) som ein god start for nye Carson-lesarar. Nox er ei bok om sorg tileigna Michael, bror til Carson som er gått bort. Til liks med andre Carson-bøker, består også denne av poesi, omsetjingar og korte sitat frå ulike kjelder.
– Nox er ein collage av bilde, fotografi, brev og handskrivne tekstar som Carson vev saman med ei omsetjing av den romerske poeten Catullus, seier Fürstenberg.
Fleire av Anne Carsons bøker er omsette og gjendikta til norsk:
- Flyte, 2026
- Albertine-økt. Dikt, 2026
- Korte foredrag. Dikt, 2024
- Rød selvbiografi. Gjendiktning, 2021
- Glass, ironi og Gud. Gjendiktning, 2014