English version of this page

Å vere fleirspråkleg gir fordelar når barn skal lære seg engelsk

Barns heimespråk har tydeleg påverking på korleis dei lærer engelsk, viser ein ny studie.

Bildet kan inneholde: mennesker, lykke, barn, læring, besteforeldre.

FLERSPRÅKLIG: Studien til Bjørn H. Handeland viser at det er viktig å forstå og bruke språkbakgrunnen til elevane i språkundervisninga.  (Foto: Colourbox)

Av Jan Arve Olsen
Publisert 8. apr. 2025 - Sist endret 8. apr. 2025

Barn som snakkar andre språk enn berre norsk heime, har andre, og i nokre tilfelle betre føresetnader når dei skal lære engelsk. 

Det viser doktorgradsavhandlinga til Bjørn Harald Handeland, universitetsbibliotekar ved Universitetet i Agder.

– Det som overraska meg mest, er at funna er så tydelege, seier Handeland.

Han forklarer at barn som bruker fleire heimespråk enn berre norsk, er ofte vande til å veksle mellom fleire ulike språk avhengig av situasjon. Det gir dei ein potensiell fordel i språklæringa i skulen. 

– Dette handlar først og fremst om å sjå nytta av å kunne forstå og uttrykkje seg på ulike språk, men også om å vere komfortabel med å bruke dei.

Bildet kan inneholde: erme, ansiktsuttrykk.
FORSKAREN: - Barn som bruker fleire heimespråk enn berre norsk, er ofte vant til å veksle mellom fleire ulike språk avhengig av situasjon, sier Bjørn Harald Handeland.

Utvikla ny språktest

Handeland har sett nærare på engelskferdigheiter blant norske barneskuleelevar frå 6. til 8. trinn. Elevane er i alderen 11-14 år. 

Han har undersøkt korleis den språklege bakgrunnen til barn som snakkar norsk, arabisk, slaviske og baltiske språk påverkar korleis dei lærer engelsk. Han har særleg fokusert på språkkunnskapane til elevane, bruk av språk og haldningane deira til språk og språklæring.

Ved hjelp av eit spørjeskjema utvikla spesielt for studien, rapporterte barna om kva språk dei kunne og i kva situasjonar dei brukte dei. Dei rapporterte også om haldningane sine til språk og språklæring. 

Elevane fullførte også ein spesielt utarbeidde språkleg test der dei vart testa på særleg fem område knytte til engelsk grammatikk og setningsbygging: samsvar mellom subjekt og verb, aspekt i verbfrasar, ordstilling, bruk av preposisjonar, og fastleikmerking.

Språkferdigheiter og erfaringar

Studien inkluderer 580 elevar frå 6. til 8. trinn. Den avdekkjer klare forskjellar mellom elevar som bruker norsk som einaste språk heime og dei som bruker andre språk heilt eller delvis.

Eitt av hovudfunna er at språkbakgrunn ikkje har noka vesentleg påverking på kor mange feil elevane gjer, men på kva feil dei gjer. 

– Barn som bruker fleire språk i dagleglivet, har dessutan andre opplevingar av fordelane fleirspråkligheit kan gi i samfunnet. Denne erfaringa har ikkje barn som berre har norsk som heimespråk, seier Handeland.

Ulike haldningar og feiltypar

Funna viser at barn som bruker andre språk i tillegg til norsk, har meir positive haldningar til språka dei kan. Dette gjeld særleg språk som blir snakka internt i familien. Men sjølv om det andre språket ofte er eit språk barna ikkje har hatt formell opplæring i, og dermed har avgrensa ferdigheiter i, er det likevel viktig.

Handeland har også sett på kva ferdigheiter i engelsk kan bety for elevane. 

– Elevar som i utgangspunktet berre snakkar norsk heime, reknar ferdigheiter i engelsk som viktige for akademiske og yrkesmessige formål. Dei som bruker fleire heimespråk enn norsk, legg større vekt på dei sosiale og samfunnsmessige funksjonane til språket. Dei har meir erfaring med språk som ein døropnar i samfunnet og forstår kanskje endå meir at språk handlar om kommunikasjon, seier han.

Det er også tydelege forskjellar på ferdigheitene til elevane i engelsk grammatikk. I begge grupper var det i gjennomsnitt vel 0,5 feil per setning, men feiltypane var ulike. 

Fleire ulike feilmønster som kan sporast til grammatikalske strukturar frå høvesvis norsk, arabisk og slaviske og baltiske språk, vart observerte i språktesten i undersøkinga. 

Dette betyr at strukturane i språka ein kan frå før, påverkar kva ein synest er vanskeleg å meistre når ein skal lære engelsk.

Personlegdomstrekk viktig

Handeland forklarer at nokon personlegdomstrekk ofte er knytt til fleirspråkligheit. Eit trekk som openheit vil vere viktig for fleirspråkligheit fordi det hjelper til med å forstå og kommunisere med ulike kulturar og samfunn.

– Openheit og fleirspråkligheit heng ofte saman, for språklæring handlar også om kommunikasjon og forståing for kultur og samfunn, seier han.

Handeland meiner at resultata frå studien er viktige for språkundervisninga i skulen. Det handlar om å forstå og bruke språkbakgrunnen til elevane i språkundervisninga.

– Om ein kan auke forståinga til elevane for kva dei kan frå før, jobbe mot å forstå språk som system og hjelpe elevane til å reflektere over strukturane i språket, kan ein leggje til rette for god læring av både engelsk og andre språk, seier han.

.

Referanse: 

Bjørn H. Handeland: English as an Lx: Multilingualism, transfer and interactions with background profile. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Agder, 2024.