Utdanningsdirektoratet (Udir) la 12. mars fram eit utkast til innhald i norskfaget for grunnskulen.
Agnes-Margrethe Bjorvands biografi om Astrid Lindgren, illustrert av Lisa Aisato, er blant bøkene som er føreslått.
– Astrid Lindgren er framleis aktuell. Ho var ein nyskapande forfattar som for lengst er vorten ein tidlaus klassikar, seier Agnes-Margrethe Bjorvand, dosent ved UiA.
Nyskapande karakterar
Bjorvand viser til nyskapande karakterar som Pippi Langstrømpe, Emil frå Lønneberget og Ronja Røvardotter. I bøkene til Lindgren er det barna som er heltane og barnas fantasi som har forrang framfor snusfornuftige vaksne.
– Lindgren var blant dei første forfattarane som tok barns rettar og kvardagsliv på alvor. Bøkene handlar både om barnas fantasi, mot og rettferdssans, seier Bjorvand.
Bjorvand har også omsett fleire av Lindgrens klassikarar til moderne norsk. Det gjeld til dømes bøkene om Pippi Langstrømpe, romanen Mio, min Mio og ei rekke bildebøker.
Biografien gir kunnskap om forfattaren og bøkene
For å forstå bakgrunnen for Astrid Lindgrens bøker, løftar Udir fram Bjorvands biografi, Astrid Lindgren.
Boka vann Sørlandets litteraturpris då ho kom ut. Biografien gir elevane ein god bakgrunn for å forstå meir av tida og samfunnet Lindgren levde i. Dei lærer òg om korleis dei skal lese og forstå bøkene hennar.
– Lindgren viste at litteratur kan vere politisk utan å vere tungvinn, og morosam utan å vere grunn, seier Bjorvand.
Innhaldet i norskfaget er ute på høyring
Udir-forslaga til innhald i norskfaget skal vere rettleiande og frivillige å bruke. Dei er meint som støtte i det daglege arbeidet med læreplan og undervisningsopplegg.
Utkastet til innhald i norskfaget vart lansert 12. mars og er no ute på høyring. Fristen for å gi innspel til utkastet er 17. april. Alle som bryr seg om kva barn les på skulen, kan seie si meining.