English version of this page

Nye tal på nordmenns fysiske form: – Stort forbetringspotensial

1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form. Resultata viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.

Bildet kan inneholde: plante, plantesamfunn, fjell, mennesker i naturen, høyland.

– Resultata er positive, men det er nokre atterhald, seier førsteamanuensis Hilde Lohne-Seiler. Illustrasjonsfoto: Pexels.com

Av Magnus Nødland Skogedal og Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 5. sep. 2024 - Sist endret 16. sep. 2024

I fjor kom rapporten frå Kan3 som viste at berre om lag halvparten oppfyller dei nye anbefalingane til fysisk aktivitet.

I etterkant har 1200 tilfeldige personar i alle aldersgrupper takka ja til å delta i testing av kondisjon, muskelstyrke, balanse og rørsleevne rundt om i heile landet. 

Om lag 800 av dei har testa sitt maksimale oksygenopptak.

Bildet viser en eldre dame som går på tredemølle.
Deltakerne har blitt testet på en rekke områder. Foto: Hilde Lohne-Seiler

Universitetet i Agder har vært med på testinga, og har utført testing av 150 personar frå Agder.

– Dette har vært spennande å jobbe med, og deltakarane har verkeleg fått testa seg. Resultata er positive, men det er nokre atterhald, seier førsteamanuensis Hilde Lohne-Seiler.

Saman med professor Bjørge Herman Hansen og masterstudenter har ho gjennomført testar av egder ved UiAs laboratorium ved Spicheren Treningssenter i Kristiansand. Tilfeldige personar mellom 20 og 65 år blei invitert til å delta.

– Dette er ei unik kartlegging i verdssamanheng. Noreg er et av få land som målar befolkningas fysiske form på denne måten, og det gjer det mogleg å målrette tiltak. Men sjølv om kondisjonen viser ein positiv utvikling, er det ingen kvilepute. Vi vil ha fleire i fysisk aktivitet, seier Lohne-Seiler.

Gjennomsnittsnordmannen er i god form

– Det gjennomsnittlege oksygenopptaket i den norske befolkninga er godt og over eller på nivå med det som er foreslåtte anbefalte verdiar. Det er i seg sjølv er positive nyheiter, seier professor, Jostein Steene-Johannesen.

 

Om undersøkinga

Kan3 er ein del av befolkningsundersøkingane der NIH i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet kartlegg aktivitetsnivået og den fysiske forma til nordmenn med jamne mellomrom.

Testinga har blitt gjennomført ved NIH, Universitet i Agder, Universitet i Tromsø, Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Innlandet og Høgskulen på Vestlandet.

Sjølv om det gjennomsnittlege oksygenopptaket er bra er det er langt frå alle som ligg så godt an.

Viss vi snur på det, er det om lag 30-40 prosent av deltakarane som ligg under det som er anbefalte nivå (35-40 ml/kg/min).

Bildet viser Bjørge Herman Hansen og Hilde Lohne-Seiler.
Professor Bjørge Herman Hansen og førsteamanuensis Hilde Lohne-Seiler i laboratoriet ved Spicheren Treningssenter. Foto: UiA

For gruppa som har lågast oksygenopptak vil sjølv daglegdagse aktivitetar som det å gå i trapper eller i motbakke, krevje ein så stor del av oksygenopptaket at dei ikkje vil klare å gjennomføre meir enn nokre minutt.

Kan få ein formidabel treningseffekt

Det gir auka risiko for livsstilssjukdommar, dårlegare dagleg funksjon og for tidleg død.

– Den gode nyheita er at det for denne gruppa skal svært lite til for å auke oksygenopptaket og igjen få nyte godt av fordelane det gjev, seier Steene-Johannesen og kjem med enkle tips:

– Det kan vere så lite som å velje trappene i staden for heisen, gå til butikken og fylle opp sekken med varer eller gå tur i motbakke og ulendt terreng slik at ein blir andpusten og sveitt. Personar som er i dårleg fysisk form kan få ein formidabel treningseffekt av slik enkel trening så lenge den blir gjort regelmessig.

Hans råd er å starte i det små, for så å gradvis auke både lengda du er ute og går, og intensiteten etter kvart som du kjenner at forma blir betre.

Dårlegare form jo eldre vi blir - men du kan bremse utviklinga

Resultata viser at både oksygenopptaket, muskelstyrke og balanse blir redusert med aukande alder. I gjennomsnitt blir det maksimale oksygenopptaket redusert med rett i underkant av 10% per tiår frå fylte 30 år.

Det er også ein betydeleg reduksjon av gripestyrke og balanse etter fylte 60 år. Men du kan sjølv bremse utviklinga om du regelmessig legg inn kondisjonstrening og fokuserer på aktivitetar som styrke både musklar og utfordrar balansen.

– Styrketrening er spesielt viktig frå 50-60-årsalderen, og sjølv personar godt over 70-80 år vil kunne auke både muskelmassen og styrken betrakteleg ved å starte med regelmessig styrketrening, seier professoren.

Han meiner det er viktig at eldre ikkje berre tenkjer på kondisjonstrening, men også hugsar på styrketreninga. 

Fordelane er mange.

– Det vil hjelpe deg til god livskvalitet og god funksjon i kvardagen som kan bety at du kan vere sjølvhjelpen lengre inn i alderdomen, seier Steene-Johannesen.

Har dei sprekaste blitt sprekare?

Vi er midt oppe i det mange kallar ein ny løpebølge. Store mosjonsløp som Oslo maraton og Sentrumsløpet blir fullteikna og i mange norske byer er bybildet prega av løparar.

Men har folk flest også blitt sprekare?

Gjennom kartleggingsstudia er det mogleg å samanlikne tal frå Kan3 med tidlegare undesøkingar. 

– Me fann ingen endringar i gripestyrke, men gjennomsnittsnordmannen ser ut til å ha noko betre kondisjon i 2023 (Kan3) samanlikna med tal frå Kan1 i 2008, seier forskaren bak.

 

Kartlegg vaksne og unge

Institutt for idrettsmedisinske fag ved Norges idrettshøgskole har i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet etablert eit system for å kartlegge det fysiske aktivitetsnivået i befolkningen.

Det er gjennomført tre kartleggingar av barn og unge (ungKan1, ungKan2 og ungKan3) og tre kartleggingar av vaksne og eldre (Kan1, Kan2 og Kan3). I 2024-2026 vil det gjennomføres ein fjerde kartlegging av barn og unge (ungKan4).

Prosjektkoordinator for Kan3 fase II er stipendiat Elisabeth Teinung og blir leia av Professor Sigmund Alfred Anderssen og Jostein Steene-Johannessen.

Resultata viser at det er ein oppgang på om lag seks prosent frå da ein liknande gruppe i Kan1 blei testa i 2008.

– Det er gledeleg viss denne endringa er reell. Ein betring av oksygenopptaket kan bety mykje for folkehelsa framover, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole og forskar ved Folkehelseinstituttet.

Men han understrekar at noko av den positive endringa kan forklarast med andre forskjellar mellom dei to utvala som vert samanlikna.

– Me har grunn til å tru at ein litt ulik seleksjon i samband med testing av maksimalt oksygenopptak i Kan3 har ført til at me har testa eit noko 'friskare' utval i Kan3 samanlikna med i Kan1. Den neste Kan-undersøkinga, som skal gjennomførast om nokre år, vil gje oss sikrare svar, seier Ekelund.