English version of this page

Kven er dei beste til å ta straffe i handball?

Forskaren Aron Laxdal har analysert 12 000 straffekast i handball.

Foto viser ei som tar eit straffekast på målvakta i handball.

I topphandballen er det verken styrke, kraft eller andre fysiske forhold skil dei gode straffeskyttarane frå dei mindre gode. Det viser ein studie frå Aron Laxdal, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

Av Atle Christiansen
Publisert 16. des. 2024 - Sist endret 17. des. 2024

– Den beste straffekastaren har både eit kaldt hovud og ei god kastearm, seier Aron Laxdal.

Han forskar på idrett og kroppsøving ved Universitetet i Agder (UiA).

Svaret om at du både må vere kald i hovudet og skyte godt, høyrest kanskje enkelt ut.

Men svaret er eigentleg berre det Laxdal antar. Forskinga hans viser på si side at det verken er styrke, kraft eller andre fysiske forhold som skil dei gode straffeskyttarane frå dei mindre gode. Det er noko anna.

Laxdal har stilt fleire spørsmål før han trekte den konklusjonen, mellom anna desse:

  • Er det ho som spelar back eller ving som skyt best straffar?
  • Er det han høge eller låge?
  • Er det han tungbygde eller ho lette som har den beste kastearma?
  • Er det ho med venstrehanda, eller han med høgre?
  • Er det kjønnsbestemt? Er han eller ho mest effektiv frå sjumeteren?

Statistisk analyse av 199 spelarar

Laxdal har gjort fem studiar for å finne fram til det som verkeleg kjenneteiknar den beste straffekastaren.

I den studien vi konsentrerer oss om her, gjennomførte han ein statistisk analyse av 12 000 straffekast. Han analyserte 199 spelarar på høgt nivå. Kvar enkelt spelar hadde minst tatt 25 kast i VM, EM og OL i perioden frå 2007 til 2024.  

Studien viser ingen fysiske forskjellar mellom dei som tek straffekasta. Verken posisjon på banen, høgde, vekt, kastearm eller kjønn har gitt Laxdal klare svar. Med andre ord kan du vere høg eller låg og sterk eller litt svakare og så vidare i den eine eller andre leia. Speler du først på høgt nivå, er det ikkje fysikken som skil deg frå dei andre spelarane.

– Resultata viser at alle spelarar på dette nivået har omtrent dei same ferdigheitene, og at det er noko anna enn fysiske faktorar som avgjer om du er ein god straffeskyttar, seier Laxdal.

Fysikk og styrke speler lita rolle

Bildet kan inneholde: fotografi, øyenbryn, erme, ansiktshår, skjegg.
– Alle spelarar på høgt nivå har omtrent dei same ferdigheitene. Det er noko anna enn fysiske faktorar som avgjer om du er ein god straffeskyttar, seier Aron Laxdal.

Konklusjonen er for så vidt ei trøyst og ei oppmuntring til alle: Det er verken fysikk eller posisjon på banen som avgjer om du er eller kan verte god til å ta straffekast.

– Vanlegvis tenkjer vi at om du er høg og sterk, vil du skyte hardare. Og den som skyt hardt, er den beste til å ta straffe. Men det stemmer ikkje, seier Laxdal.

Han finn heller ikkje tydelege prov på at dei som skyt med venstrehanda er betre enn dei som bruker høgre.

– Det er nok ein av mytane handballen held seg med. Sidan det er så få som bruker venstrehanda, er målvakta mindre vande til å tolke dei spelarane. Men eg finn ingen tydelege teikn på at det stemmer, seier Laxdal. 

Det dreiar seg om lysta

Når det ikkje er dei fysiske forskjellane som skil dei beste skyttarane frå dei andre, kva er da med hovudet og mentaliteten til dei beste?

– Eg kunne sagt at det dreiar seg om å vere kald i hovudet og gjennomføre det du har trena på, men det er nok meir enn det også. Det dreiar seg nok også om lysta til å ta straffe. Du må trivst under press, seier Laxdal.

Mange av dei spelarane Laxdal har studert, viser seg å prestere betre i viktige kampar.

– Enkelte spelarar let seg trigge ekstra og hentar fram sitt aller beste når det står noko på spel, seier han.

Han har òg døme på spelarar som lykkast på klubblag og mislykkast på landslag. Laxdal trur det har med trivselen å gjere.

– Islendingen Ómar Ingi Magnússon er blant verdas beste straffeskyttarar. Når han i periodar presterer dårlegare på landslaget, trur eg det kjem av at han er tryggare på klubblaget, seier forskaren.

Straffekastet er ei spesiell hending

Handball er prega av samspel, men under straffekastet står du aleine.

– Derfor er straffekastet ei helt spesiell hending i kampen. Det er ei av få oppgåver du gjer aleine på handballbanen. Situasjonen er kjenneteikna av at du står under press, så det må du takle som straffeskyttar, seier Laxdal.  

No veit han at fysikken ikkje avgjer om du vert ein framifrå skyttar. Og han antar at det har noko med psykologi å gjere. Det har noko med innstillinga til kastet å gjere. Det har noko med evna til å halde på roa, samle seg og gjennomføre straffekastet under press.

Men dette er førebels noko han antar. I sin neste studie skal han finne ut om det han antar faktisk stemmer. Da skal han studere kva det er med den psykologiske innstillinga til straffekastaren som gjer at han eller ho lykkast.

– Da skal eg mellom anna intervjue dei beste straffeskyttarane i verda. Eg skal snakke lenge og grundig med dei for å finne ut  korleis dei toler presset og taklar stresset frå sjumeteren betre enn andre, seier Laxdal.