English version of this page

Diskriminering går på helsa laus

Ny forsking viser at forskjellsbehandling rammar helsa hardt – og på overraskande måtar.

Illustrasjonsfoto av isolert kvinne i menneskemengde

Dei som blir diskriminerte av éin grunn, har dobbelt så høg risiko for dårleg helse. Men effekten blir mykje verre når fleire grunnar blir kombinerte. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Av Walter Wehus
Publisert 24. sep. 2025 - Sist endra 1. okt. 2025

– Diskriminering går litt under radaren i samfunnsdebatten. Vi tenkjer at vi har eit lovverk og tiltak som fungerer, men studien tyder på at det ikkje er sånn, seier Jan Georg Friesinger på Universitetet i Agder.

Foto av Jan Georg Friesinger
Jan Georg Friesinger er førsteamanuensis på Institutt for psykososial helse på UiA.

Han står bak ein artikkel som byggjer på Folkehelseundersøkelsen i Agder frå 2023, der over 18 500 personar deltok. 2023 var det første året undersøkinga spurde om diskrimering. Nærare éin av fem innbyggjarar i Agder (17,8%) – svarte då at dei hadde vorte diskriminerte det siste året.

Diskriminering handler om at folk blir behandla dårleg på grunn av ting som alder, kjønn, seksualitet, etnisitet eller religion

Bekymringsverdig funn

– Vi ser at det er ein klar samanheng mellom diskriminering og helseproblem. Det er ganske bekymringsverdig at vi ikkje har eit fungerande apparat som kan motverke det, seier Friesinger.

Dei som blir diskriminerte av éin grunn, har dobbelt så høg risiko for dårleg helse. Men effekten blir mykje verre når fleire grunnar blir kombinerte.

– Det mest overraskande funnet var korleis diskriminering verkar i kombinasjon. Desto fleire grunnar til at du blir forskjellsbehandla, desto verre utslag ser vi på den sjølvopplevde helsa, seier Friesinger.

To grunnar til diskrimering gir tre gonger høgare risiko. Tre eller fleire grunnar gir fire gonger høgare risiko for dårleg helse.

– Dette er særleg alvorleg fordi vi veit at dårleg sjølvopplevd helse heng saman med ein auka risiko for å døy tidleg, seier Friesinger.

Helse den vanlegaste grunnen

Helseutfordringar var den vanlegaste grunnen til at folk vart diskriminerte. Dette vart følgt av forskjellsbehandling basert på kjønn.

Andre vanlege grunnar var alder, funksjonsnedsetjing, etnisk bakgrunn og politiske synspunkt. Den lågaste andelen av deltakarane, rundt éin prosent, oppgav seksuell identitet som grunn for diskriminering.

Det kan høyrest paradoksalt ut at det å bli diskriminert for helseutfordringar kan føre til dårlegare helse. Selv når forskarane tok omsyn til dette i analysen sin, ga diskriminering utslag.

Samanliknbare tal med Europa

Det var uventa for Friesinger at tala frå Agder ikkje skil seg nemneverdig frå resten av Europa. I undersøkinga Eurobarameter rapporterer også rundt éin av fem å ha opplevd diskriminering.

Forskaren meiner at dette utfordrar førestillinga om at Noreg er mykje betre enn andre land når det gjeld likestilling og inkludering.

– Eg hadde venta at tala var litt annleis i Noreg. Vi har jo eit inntrykk av at vi har komme lenger i kampen mot diskriminering her til lands, seier Friesinger.

Frå diskrimering til dårleg økonomi

Men kvifor rammar diskriminering helsa så hardt?

Forskinga viser at diskriminering påverkar helse både direkte og indirekte.

– Når vi blir diskriminerte, så gjer det noko med oss både på kort og lang sikt. Umiddelbare konsekvensar kan vere stress, som igjen kan føre til høgt blodtrykk og andre kroppslege reaksjonar, seier Friesinger.

Diskriminering kan også føre til dårlegare levevilkår over tid. Om ein ikkje får den løna ein har krav på eller blir forskjellsbehandla på jobb, kan det resultere i dårlegare sosiale og økonomiske kår (det forskarane kallar sosioøkonomisk status), som igjen påverkar helsa.

Sosial støtte som motvekt

Det finst derimot noko som kan verke imot dei negative effektane av diskriminering. Undersøkinga viste mellom anna at personar med god sosial støtte hadde betre sjølvopplevd helse enn dei som ikkje hadde mange sosiale relasjonar å lene seg på.

Forskarane skal sjå nærare på kva som kan redusere diskriminering og dei etterfølgjande helseskadane i ein annan studie, som Friesinger håpar skal vere klar neste år.

Dei vil òg sjå nærare på korleis ulike former for diskriminering heng saman. Her vil dei undersøkje korleis ulike former for diskrimering vært kombinerte, såkalla interseksjonalitet, og korleis dette heng saman med helse og livskvalitet.

– Førebelse funn viser for eksempel at dei som har opplevd diskrimering på grunn av kjønn, også ofte har opplevd det på grunn av alder, og det var også noko overlapp mellom diskriminering for både politikk og religion, seier Friesinger.

Referanse:

Associations between perceived discrimination and health: a cross-sectional public health study