English version of this page

Det usynlege limet som kan avgjere norsk VM-suksess

Ein ny studie gir eit unikt innblikk i kor viktig det er med godt samhald på eit landslag – og kva som skaper det.

Illustrasjonsbilde av samhold på et fotballag
Av Gaute Bugge Drangsholt
Publisert 26. mai 2026 - Sist endret 12. juni 2026

Mange nordmenn vil om kort tid ha blikket retta mot fotball-VM i USA, Canada og Mexico. Der deltar dei norske fotballherrane i eit meisterskap for første gong på 26 år.

Landslagssjef Ståle Solbakken og støtteapparatet hans vil bli sett på si hittil største prøve dei komande vekene. Ein av nøkkelfaktorane for om meisterskapet blir ein suksess, vil vere vanskeleg å oppfatte gjennom TV-skjermen.

Ein ny studie leia av professor Rune Høigaard ved Universitetet i Agder framhevar kor viktig det er med samhald på landslaget. Forskarane kallar det kohesjon. Ordet rommar både kjensle og funksjon. Frå vennskap og trivsel, til roller og samarbeid mot eit felles mål.

Portrettbilde av professor Rune Høigaard
Professor ved Institutt for idrettsvitskap og kroppsøving, Rune Høigaard.

Studien er basert på intervju med sju tidlegare norske landslagsspelarar i fotball og handball. Spelarane trekker fram nokre grunnpilarar som skaper og kjenneteiknar godt samhald. Tre av desse er:

  • Struktur
  • Tilhøyrsel
  • Tryggleik

– Studien bekreftar mykje av det vi veit om betydninga av samhald frå før, men det har vore spennande å utforske landslagsperspektivet med sine særeigenheiter nærmare. Spelarane får fram nokre interessante nyansar, seier Høigaard.

La oss sjå nærmare på dei enkelte kategoriane:

Struktur

God struktur inneber eit lag der spelarar og støtteapparat kjenner rolla si og veit kva som er forventa av den enkelte – både på og utanfor banen.

Den er også prega av reglar som skaper ei føreseieleg handtering av dagar som ofte inneheld mykje press. Det kan vere reglar for møte, måltid, sponsoroppdrag eller mediehandtering.

Tilhøyrsel

Sterke relasjonar kan bli utvikla på kort tid. I lagidrett kan det gå månader mellom kvar gong spelarane er samla på landslaget, ettersom kvardagen deira er i klubbane. Kjenneteiknet på eit godt samhald er at gruppa likevel klarer å skape ei kjensle av fellesskap.

«Eg følte meg som ein del av gjengen frå første sekund, sjølv om eg var yngst og eit ubeskrive blad. Eit inkluderande miljø er veldig viktig for at alle skal føle seg som ein del av laget, at vi blir ei eining», blir ei av kjeldene i studien sitert på.

I slike miljø oppstår varige vennskap raskt. Humor, intern sjargong og ein sterk felles identitet forsterkar vi-kjensla.

Psykologisk tryggleik

Punkta over bidrar også til den viktige tryggleiken og tilliten som gjer at kvar spelar tør å vere seg sjølve og ikkje blir redde for å gjere feil.

Skal du prestere i situasjonar som fører med seg enorme forventningar, hjelper tillit. Du må vite at du ikkje blir peikt ut som syndebukk etter eit tap. Alle gjer sitt beste for gruppa.

Flagget på brystet

Ein siste faktor, som fotballherrane truleg vil merke særs godt i sommar, har merkelappen «prestisje». Den statusen og stoltheita som følgjer av å vere del av eit meisterskap for Noreg, er noko eige.

«Når du kjem inn på landslaget, får du automatisk høgare stjerne og status på klubblaget og i lokalsamfunnet. Det byggjer status og omdøme», seier ei av kjeldene i studien.

Det å ta del i ei hending som betyr så mykje for så mange, har ei samlande kraft.

– Spesielt dette med prestisje er ein av detaljane fleire av spelarane trekte fram som spesielt for landslaget. Den stoltheita er noko attraktivt som vil styrkje vi-følelsen, fortel Høigaard.

Del av heilskap

Studien er den første i ei rekke av fleire kohesjon-prosjekt som blant anna skal ta for seg landslagstrenarar og landslag der idretten i all hovudsak er individuell.

Resultata av studien har også blitt ein del av den nye boka «Toppidrett i Skandinavia». Som eitt av 19 kapittel bidreg Høigaard til å belysa ulike perspektiv på det som utgjer velfungerande toppidrettsmiljø i Skandinavia. Boka er open tilgjengeleg for alle.

– I Skandinavia har vi ein sterk, eg vil seie unik, delingskultur. Det er lange tradisjonar for godt samarbeid mellom forskingsmiljøa og praksisfeltet. Når vi får tilgang til ein toppidrett som vi veit held eit så høgt internasjonalt nivå, håper eg vi som forskarar kan bidra med å gi noko tilbake, seier Høigaard.

Referanse:

Høigaard, R., Eriksson, B., Hedegart, V. B., Sæther, S. A. & Haugen, T. (2026). Kohesjon i landslag – fra et spillerperspektiv. I S. A. Sæther & R. Høigaard (Red.), Toppidrett i Skandinavia: En samfunnsvitenskapelig forskningsantologi om utviklings- og prestasjonsmiljø (Kap. 12, s. 271–289).

Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/cdf.282.ch12