Publications
-
Røsstad, Rune
(2019).
Segmentasjon eller motivert epentese? Om overgangen ll > dl i vestnorsk.
Maal og Minne.
ISSN 0024-855X.
111(1),
p. 61–91.
Full text in Research Archive
Show summary
Den vestnorske lydendringa ll > dl er rekna for å vere ein ‘segmentasjon’ og står i eit uvisst forhold til overgangen rl (> ll) > dl, som tradisjonelt er rekna som ein ‘differensiasjon’. Lydendringane er forsøkt forklarte på ulike vis, og særleg problematisk synest ll > dl å vere. Forfattaren argumenterer for at det å sjå overgangen som ein ‘epentese’ er meir klargjerande ved at han blir sett på som resultat av koartikulasjon og såleis som ei fonetisk motivert lyden- dring. Vidare undersøker forfattaren om og korleis overgangane kan forkla- rast innanfor to teoretiske rammeverk som kombinerer fonetisk basis og kognisjon: artikulatorisk fonologi (representert ved Garmann 2010) og John J. Ohalas teori om hypokorreksjon og hyperkorreksjon. Konklusjonen er at desse teoriane ikkje gjev fullgode svar, og særleg utfordrande er det å beskrive den kognitive prosessen. Likevel synest dei to tilnærmingsmåtane som frukt- bare forsøk på å forstå korleis lydendringane oppstod.
-
Røsstad, Rune
(2017).
Om dialekt som ikke finnes og dens sosiale betydning. Ei gransking av Jannie Teinlers doktoravhandling.
Svenska landsmål och svenskt folkliv.
ISSN 0347-1837.
140,
p. 127–141.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(2015).
Egdemåla i variasjon og utvikling dei siste 200 åra.
In Sandøy, Helge (Eds.),
Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk..
Novus Forlag.
ISSN 9788270998432.
p. 181–200.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(2011).
Om overgangen til pluralendinga -an i egdsk talemål. Ein verknad av indre-språklege drivkrefter?
In Edlund, Lars-Erik; Elmevik, Lennart & Reinhammar, Maj (Ed.),
Studier i dialektologi och sociolingvistik.
Swedish Science Press.
ISSN 9789185352906.
p. 237–248.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(2011).
Kva fortel kjeldene om innovasjonen dl i norsk?
Maal og Minne.
ISSN 0024-855X.
2(2),
p. 96–119.
Full text in Research Archive
-
-
Røsstad, Rune
(2010).
Vilkårleg tradisjon? Nærblikk på Hallfrid Christiansens Norske målførekart.
Maal og Minne.
ISSN 0024-855X.
102(1),
p. 106–136.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(2009).
Den vanskelege empirien: egdske endringar og mange moglegheiter.
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift.
ISSN 0800-3076.
27(1),
p. 121–131.
Full text in Research Archive
Show summary
Mange endringar i talemål på det sentrale Agder kan skuldast ei form for standardisering, og dei kan skuldast utbreiing av bymål. Formsamanfall (isomorfi) vanskeleggjer innsikten i og forståinga av desse prosessane, og svaret ein kjem opp med, synest avhengig av kva slags syn ein har på spørsmålet om standard, og den tilnærmingsmåten ein legg til grunn. Med utgangspunkt i demografiske og språklege data frå austre Vest-Agder blir det argumentert for at talemålsendringane helst er lokale prosessar, særleg ved at det er bymål som breier seg. Samstundes finst det endringar som ikkje kan kome frå lokale varietetar, men som heller ikkje skuldast stan dardisering; snarare kan ein hevde at dei er språklege lån frå eit slags nasjonalt reservoar. I tillegg finst det på Agder endringar som går på tvers av både bokmål, austnorsk talemål og bymål, og i sum må ein slå fast at situasjonen når det gjeld talemålsendring i regionen, er kompleks og samansett. Many changes in the language in the central parts of Agder may be due to some kind of standardization, or they may be caused by a spread of the local city dialects. Concurrent (isomorphous) variants make it difficult to understand these processes, and the answer seem to depend upon the researcher¿s views on the question about standardization of language and how the matter is approached. Based on demographic and linguistic data it is argued that the language changes are local processes, especially caused by a spread of the local city dialects. At the same time, there are changes that cannot be explained due to local varieties, but not due to standardization either. Instead, one could claim that they are linguistic loans from some kind of a national reservoir. In addition, there are in Agder changes where the results differ from both Bokmål, Eastern Norwegian and the city dialects, and one must conclude that the situation concerning language change in the region is a complex one.
-
Røsstad, Rune
(2009).
Foundations of language perceptions and the role of external factors: a Norwegian case.
Language Awareness.
ISSN 0965-8416.
18(2),
p. 96–112.
Full text in Research Archive
Show summary
Non-linguists' perceptions of language in use are generally considered to be strongly influenced by evaluative factors: attitudes, values and ideology. Such a perspective represents a somewhat biased approach to ordinary people's knowledge about language, which is characteristic of both sociolinguistics and its sub-branch, perceptual dialectology. This paper presents an alternative approach, which comprised interviewing 44 Norwegian informants about language spoken locally. The data from the interviews suggests that external (i.e. non-mental) factors play a prominent role in the formation of their perceptions of language. Firstly, observations of language in use seem to be of great importance to that formation, and secondly, the informants' perceptions may be seen in light of the production of knowledge in the local community. Based on the discussion of these findings, a tentative model of the foundations of language perceptions is presented.
-
Omdal, Helge & Røsstad, Rune
(2009).
Språknormering - i tide og utide? Innleiing,
Paradoks i framtidig nynorsknormering.
Novus Forlag.
p. 9–14.
Full text in Research Archive
Show summary
Artikkelen drøftar sentrale paradoks i normeringa av nynorsk. Det viktigaste er at ein vid normal for dette skriftspråket både er sagt å vera viktigaste argumentet for nynorsk, og den største trusslen for at nynorsk skal kunna vera eit samlande, heilstøypt skriftspråk. Artikkelen summmerer opp 25 år arbeid med å normera nynorsk, og referer forsking knytt til resultata av å ha dagens vide normal. Artikkelen inneheld og eit kort oversyn over ei undersøking av feil i nynorske eksamensoppgåver ved lærarutdanniga i Sogndal. Artikkelen konkluderer med ein hypotese om at nynorskbrukarane truleg ville vera betre tente med ei smalare og meir konsistent norm enn dagens nynorsknorm.
-
-
Røsstad, Rune
(2007).
Rune Røsstad: Språkoppfatningar og språkendring. Dr.art.-disputas ved Høgskolen i Agder 11. februar 2006. Svar frå doktoranden Rune Røsstad.
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift.
ISSN 0800-3076.
Full text in Research Archive
-
-
Røsstad, Rune
(2003).
Endring og variasjon i talemålet: Kva seier ikkje-lingvistar om den saka?
Gunnstein Akselberg, Anne Marit Bødal og Helge Sandøy (red.): Nordisk dialektologi.
Novus Forlag.
p. 449–464.
Full text in Research Archive
-
View all works in NVA
-
Omdal, Helge & Røsstad, Rune
(2009).
Språknormering: i tide og utide.
Novus Forlag.
ISBN 9788270995189.
299 p.
Full text in Research Archive
Show summary
Denne boka inneheld 19 artiklar om spørsmål knytte til språknormering i fleire ulike europeiske språksamfunn. I tillegg til presentasjonar av forhold i Danmark og Sverige blir lesarane gitt ei oversikt over arbeidet med den tyske Rechtschreibreform. Denne reforma blei innført i statstenesta i 1998, men førte til kraftig og årelang motstand. Av dei andre artiklane i antologien er dei aller fleste relatert til norske forhold, men også islandsk og finlandssvensk er representert, saman med framstillinga av språkkampen i det flamske området av Belgia. Mange språknormeringstema og problemstillingar er diskutert i artikkelsamlinga, blant anna tradisjonelle spørsmål, som gjeld ortografi, morfologi og teiknsetting, og valfriheit i rettskrivinga, men også meir teoretiske spørsmål blir drøfta, som til dømes det ideologiske grunnlaget for framtidig språklig normering. Andre tema som blir tatt opp, er omgrepet standardspråk, holdningar til språkbruk og nynorsknorm, normering av person- og stadnamn, og synspunkt på 'godt' språk
-
-
Omdal, Helge & Røsstad, Rune
(2003).
Krefter og motkrefter i språknormeringa. Om språknormer i teori og praksis.
Cappelen Damm Høyskoleforlaget.
ISBN 9788276345582.
305 p.
Full text in Research Archive
Show summary
22 artikler setter søkelys på forhold som på ulike vis spiller en rolle for gjennomføringa av språknormeringstiltak. Artiklene har utgangspunkt i en nordisk språknormeringskonferanse som blei arrangert i februar 2002 ved Høgskolen i Agder, Kristiansand. Bidragsytere er: Ulrich Ammon: Helge Dyvik; Henrik Galberg Jacobsen; Ole Nygaard; Gunnstein Akselberg; John Ole Askedal, Tor Guttu, Arthur O. Sandved og Ole Michael Selberg; Endre Brunstad; Jan Olav Fretland; Knut Johansen; Tore Kristiansen; Gudrun Kvaran, Andrew Robert Linn; Roger Lockertsen; Sylfest Lomheim; Eva Maagerø; Helge Omdal; Heimir Pálsson; Eric Papazian; Helge Sandøy; Kolbjørn Slethei; Kjell Ivar Vannebo; Lars S. Vikør.
View all works in NVA
-
-
-
Sødal, Terje & Røsstad, Rune
(2024).
Peder Claussøn Friis' brev. Populærvitenskapelig artikkel. Årsskrift for Lindesnes historielag. 44. årgang.
Glimt fra Lindesnes.
p. 89–125.
Full text in Research Archive
-
-
-
Røsstad, Rune
(2022).
Stian Hårstad, Brit Mæhlum og Rikke van Ommeren: Blikk for språk. Sosiokulturelle perspektiver på norsk språkvirkelighet. Oslo: Cappelen Damm, 2021, 231 sider.
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift.
ISSN 0800-3076.
Full text in Research Archive
-
-
-
Røsstad, Rune
(2019).
Njåls saga. Oversatt med innledning, noter og register av Jon Gunnar Jørgensen. Essay av Stefka Georgieva Eriksen. Thorleif Dahls Kulturbibliotek i kommisjon hos Aschehoug, 2018. 395 s. ISBN 978-82- 03-36350-4.
Maal og Minne.
ISSN 0024-855X.
p. 181–193.
Full text in Research Archive
-
-
-
-
-
Røsstad, Rune
(2017).
Om å skue fanten på fillan og andre ordtak.
In Hellum, Torvald (Eds.),
Søgne Historielag. Årbok 2017.
Commentum Forlag AS.
ISSN 9788269104103.
p. 142–147.
Full text in Research Archive
-
-
-
Røsstad, Rune
(2015).
Kaniffel, jermenade og morasi – gamle ord for så mangt.
In hellum, Torvald (Eds.),
Søgne historielag. Årbok 2015.
Portal forlag.
ISSN 9788283140460.
p. 127–131.
Full text in Research Archive
-
-
Røsstad, Rune
(2014).
Litt om ampløy og beknib og andre ord.
In Hallandvik, Jan-Erik (Eds.),
Jubileum. Søgne historielag. Årbok 2014.
Portal forlag.
ISSN 9788283140170.
p. 139–143.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(2012).
Peter Lunde – eit liv i språk og fortid.
In eikestøl, oddbjørn (Eds.),
Ikkje te å tru. Folkeminne, eventyr og målføre frå Søgne - i hovudsak etter Peter Lunde.
Søgne Mållag/Søgne Historielag.
ISSN 9788291532028.
p. 282–303.
Full text in Research Archive
-
-
-
Omdal, Helge & Røsstad, Rune
(2009).
Språknormering - i tide og utide? Innleiing.
In Omdal, Helge & Røsstad, Rune (Ed.),
Språknormering: i tide og utide.
Novus Forlag.
ISSN 9788270995189.
p. 9–14.
Full text in Research Archive
Show summary
Denne boka inneheld 19 artiklar om spørsmål knytte til språknormering i fleire ulike europeiske språksamfunn. I tillegg til presentasjonar av forhold i Danmark og Sverige blir lesarane gitt ei oversikt over arbeidet med den tyske Rechtschreibreform. Denne reforma blei innført i statstenesta i 1998, men førte til kraftig og årelang motstand. Av dei andre artiklane i antologien er dei aller fleste relatert til norske forhold, men også islandsk og finlandssvensk er representert, saman med framstillinga av språkkampen i det flamske området av Belgia. Mange språknormeringstema og problemstillingar er diskutert i artikkelsamlinga, blant anna tradisjonelle spørsmål, som gjeld ortografi, morfologi og teiknsetting, og valfriheit i rettskrivinga, men også meir teoretiske spørsmål blir drøfta, som til dømes det ideologiske grunnlaget for framtidig språklig normering. Andre tema som blir tatt opp, er omgrepet standardspråk, holdningar til språkbruk og nynorsknorm, normering av person- og stadnamn, og synspunkt på 'godt' språk
-
Røsstad, Rune
(2009).
Språkteigen.
Full text in Research Archive
Show summary
NRKs programomtale: Du og jeg kan lære forskere om språk Det er lurt for språkforskere å snakke med vanlige folk om språk, de kan nemlig lære mye av det. Den amerikanske språkforskeren Dennis Preston er en av pionerene innenfor folkelingvistikken. Han mener forskere som tror de vet best sjøl, går glipp av mye. Og da språkforsker ved Universitetet i Agder, Rune Røsstad, skulle undersøke dialektene rundt Kristiansand, spurte han først folk på stedet hva de hadde å si om dialekten sin. Slik fikk han nyttige innspill til hva han skulle ta for seg i undersøkelsen. Hvorfor sier man at ei dame 'selger flesk' hvis underskjørtet hennes stikker fram under kjolen? Tor Erik Jenstad har svaret.
-
-
Røsstad, Rune
(2008).
Den vanskelege empirien: egdske endringar og mange moglegheiter.
Full text in Research Archive
Show summary
Sentralt på Agder ser me mange endringar i talemålet som i form kan tolkast som standardisering. Overgangar som til dømes mi > vi, ikkje > ikke, jente > jenter har alle det til resultat at egdemålet blir likare både bokmål og austnorsk talemål. Derimot kan mange av desse overgangane vel så gjerne tolkast som påverknad frå Kristiansand bymål, sidan bymålet har mange drag felles med «standard» og skil seg frå tradisjonelle mål i opplandet. Denne isomorfien mellom bymål og «standard» utgjer såleis eit problem for vår forståing av talemålsendringane. Sjølvsagt kan ein i slike tilfelle tenkje seg at byen fungerer som bruhovud for standardtalemålet og har ein forsterkande funksjon. I så fall er endringane i byens oppland dels ei følgje av kontakt med byen, og me vil vente at det er korrelasjon mellom graden av endring og kontakten/nærleiken til byen. Er det rimeleg å kalle ei slik utvikling standardisering? Ein kan her hevde at endringane ikkje hadde skjedd om ikkje byen hadde støtte i standard, men når ein - som i tilfellet Kristiansand - ikkje har empiri som viser det eine eller andre, blir det berre ein påstand. Ein kan også hevde at resultatet av endringane uansett blir ei standardisering, men sidan byens posisjon er avgjerande, så er prosessen ei regionalisering. Dette har forsåvidt noko føre seg, dersom standardisering berre tyder utjamning av skilnader i ei bestemt retning, men det inneber ikkje at me har eit standardtalemål i tydinga operativ norm. Derimot er det heller byen og byens talemål som er avgjerande for den lokale utviklinga. På det sentrale Agder er det dessutan annan empiri som kompliserer desse spørsmåla ytterlegare. For det første ser me endringar som går på tvers av både bymål, bokmål og austnorsk talemål, og for det andre ser me endringsmønster som indikerer at bymål og standardtalemål har lite å seie i visse område, noko dei burde ha dersom det var tale om operative normer med prestisje. Når alt dette er sagt, så er det også visse endringstendensar på Agder som vanskeleg kan forklarast som anna enn tildriv i retning av noko som liknar standard. Kanskje må me då konkludere med at fleire parallelle prosessar verkar samstundes, på ulike måtar og med ulik styrke.
-
Røsstad, Rune
(2007).
Vilkårleg tradisjon? Nærblikk på Hallfrid Christiansens Norske Målførekart (1969).
Full text in Research Archive
Show summary
I norsk dialektologi står dei geografiske karta sentralt. Dei er meinte å vere visualiseringa av den variasjonen som utgjer norske dialektar, og dei er brukte i nær sagt alle innføringar om emnet. Sjølv om karta varierer i storleik og utforming, er det mykje som tyder på at mange av dei går attende på eitt og same opphavet: Hallfrid Christiansens Norske målførekart frå 1969 (HC69). Dette er ei lita samling kart som med grenser og skraveringar gjev oversikt over utbreiinga av nokre av dei mest kjende einskildfenomena i norsk talemål. Den vesle kartsamlinga har ikkje tilvisingar til kjelder eller til grunnlagsmateriale, og heller ikkje har ho noka form for opplysande verbaltekst. Det er derfor underleg at desse karta har fått status som autorativ kjelde for heilt sentrale delar av norsk dialektologi, ikkje berre i læreboksamanheng, men også i tyngre innføringar som Helge Sandøys Talemål (1996) og Martin Skjekkelands Dei norske dialektane (1997). Eg skal i innlegget mitt gå nærare inn på delar av grunnlaget for nokre utvalde kart i HC69. Siktemålet er å finne fram til kva for kjelder utforminga av karta eigentleg byggjer på, for då å kunne seie noko om og vurdere desse karta som står så sentralt i norsk dialektologi. Sjølv om karta dels er valde ut på grunnlag av mistankar om at dei kan vere misvisande, er det liten grunn til å tru at dei skil seg særleg frå andre kart med omsyn til kjeldegrunnlaget. Gjennomgangen min er avgrensa til Vest-Agder fylke, noko som har med omfanget å gjere, men som også er føremålstenleg sidan fylket tradisjonelt har relativt stor geografisk variasjon over korte avstandar. Dessutan går utforskinga av talemålet i Vest-Agder attende heilt til slutten av 1800-talet, og er med det eit godt døme på kunnskap som er komen til over lang tid.
-
-
-
-
-
-
-
Røsstad, Rune
(2005).
Den vesle byens autonomi og styrke. Bidrag til spørsmålet om språkleg regionalisering.
Full text in Research Archive
Show summary
Innom norsk sosiolingvistikk har ein i fleire år drøfta spørsmålet om språkleg regionalisering. Teoretiske innvendingar og motstridande empiri har etter kvart gjort omgrepet noko mindre aktuelt i beskrivinga av norsk talemålsutvikling. Mitt bidrag om talemålsutviklinga sentralt på Agder er såleis ikkje noko unntak. Trass i at talemålsvariasjonen i Kristiansands-regionen ser ut til å bli redusert, meiner eg me ikkje kan tale om ei språkleg regionalisering, heller ikkje om me om nokre tiår finn å kunne kalle talemålet i området for ein regional varietet. I innlegget forklarte eg kvifor. I dette og vidare såg eg også nærare på den vesle byen Mandal, som innom regionen ser ut til å ha ei interessant rolle å spele for utviklinga av talemålet. Sett utanifrå ligg Mandal i skuggen av ?storbyen? Kristiansand, og me ville vel vente at dette gjorde utslag i talemålet. Det er derimot ikkje tilfellet, og det er tilmed argument for at talemålet der breier seg i det næraste opplandet. I regional samanheng er det såleis mogleg å tale om språkleg autonomi og styrke når det gjeld småbyen Mandal. I innlegget mitt konkretiserte eg og argumentere såleis for dette synet.
-
Røsstad, Rune
(2005).
Språket i kvardagsverda. Om grunnlaget for folks oppfatningar om talemål.
Full text in Research Archive
Show summary
I sosiolingvistikken legg ein særleg vekt på haldningar når ein observerer det som ikkje-lingvistar seier om språk. Sett litt på spissen framstår haldningsaspektet som ?all there is to? vanlege folks språkoppfatningar, som eit slags filter som gjer alle utsegner om språk til positive eller negative evalueringar. Vel, fullt så gale er det vel ikkje, men språkvitarar flest har i alle fall nokså lite tiltru til det folk seier om språk, som uttrykk for noko empirisk og ?verkeleg?. Og med det har interessa for språkoppfatningar også vore låg, då bortsett frå den nemnde fokuseringa på haldningar. Språket, både talemålet og skriftmålet, er ein del av kvardagsverda til folk, livsverda deira, om ein vil. Folk har oppfatningar om språket, og desse set dei gjerne ord på. Spørsmålet er då kva for forhold som konstituerer folks språkoppfatningar. Er alt å finne i den psykososiale komponenten, eller byggjer oppfatningane på eit breiare grunnlag? Som ein del av doktorgradsprosjektet mitt har eg intervjua eit utval lærarar og elevar om lokale talemålsforhold. Resultata frå denne undersøkinga tyder på at me bør tenkje annleis om korleis folk tenkjer om språk.
-
-
-
Røsstad, Rune
(2003).
Å ha ein eigen sleng på det. Litt frå den perseptuelle dialektologien.
Full text in Research Archive
Show summary
I innleiinga til Handbook of Perceptual Dialectology, Volume 1 (1999: xxxivf) summerer Dennis Preston opp hovudkonklusjonane frå arbeid som er gjort etter dei metodane han utvikla for perseptuell dialektologi i 1980-åra. Når det gjeld det Preston kallar «conversational data», så er ikkje dei så lett generaliserbare, men han nemner likevel desse tendensane («trends»): 1. Face-to-face contacts are much more frequently mentioned than popular culture vehicles in accounting for familiarity with other varieties. 2. Overt identification of details of other varieties is very weak (perhaps particularly at phonological levels), but imitations of the varieties are often convincing (at least to nonlinguists) and contain accurate as well as inaccurate representations of linguistic elements of the varieties […]. 3. Concerns with correctness are more frequently mentioned than any others in overt discussions of language and variety. (Preston 1999: xxxv) Prestons data er amerikanske, og tendensane er nemnde med varsemd. Når dei likevel står lista opp i innleiinga til eit breitt fundert standardverk, blir dei, om ikkje nettopp framstilde som universelle, ståande som svært sentrale. Høver så desse tendensane også for norske forhold? Eg har i sambandmed doktorgradsprosjektet mitt intervjua 20 lærarar frå austre Vest-Agder. Intervjua dreidde seg om lokale talemålsforhold, og resultata frå dei må langt på veg kunne reknast som samtaledata (jf. «conversational data»), sjølv om metode og intervjuteknikk nok skil seg frå Prestons. Eg vil i innlegget mitt gjere greie for korleis desse norske dataa kan vurderast i høve til dei tendensane Preston har funne i sitt amerikanske materiale.
-
-
Røsstad, Rune
(2002).
Endring og variasjon i talemålet: Kva seier ikkje-lingvistar om den saka?
Full text in Research Archive
Show summary
Kva seier ikkje-lingvistar om endring og variasjon i talemålet? I arbeidet mitt med talemålsendring og talemålsvariasjon i delar av Kristiansandsdistriktet står dette spørsmålet sentralt. Eg har sålei samtalt med 20 informantar &endash; lærarari grunnskolen &endash; om emnet, og eg har opplevt at alle har interessant å seie om saka. Ei slik undersøking av vanlege folks oppfatningar om språk knyter seg noko til den språkvitskaplege retninga perseptuell dialektologi (sjå til dømes Dennis R. Preston: Handbook of Perceptual Dialectology, 1999), og resultata frå ho vil kunne stå på eigne bein, det vil seie at dei har interesse i seg sjølv. Men så planleggjer eg også å undersøke konkrete endringstendensar i talemålet, og då er tanken at dei "perseptuelle" resultata skal tene til å fokusere tilnærminga eg vil ha til denne andre undersøkinga. På konferansen på Voss sa eg litt om den teoretiske bakgrunnen for prosjektet, eg lagde fram nokre førebelse resultat, for så å seie litt om arbeidet vidare.
-
-
-
-
Røsstad, Rune
(2001).
Å undersøke oppfatningar om endring og variasjon i eigen dialekt.
Full text in Research Archive
Show summary
Den tradisjonelle sosiolingvistikken har vore heller lite interessert i folks eigne meiningar om eige og andres talemål, trass i at mange folk er opptekne av språk, og at dei dels har sterke meiningar om det. Mange veit at talemålet er i endring, men det er god grunn til å tru at folk flest er opptekne av andre sider ved språket enn det dei vitskaplege granskarane er. Når folk kjem inn på språklege endringar, er det til dømes ofte bestemte ord og uttrykk dei er opptekne av. Språkvitskapen på si side fokuserer gjerne heller på endringar i fonologi og morfologi, altså på andre sider ved språksystemet. Mellom anna derfor bør det for språkvitskapen vere interessant å vinne betre kjennskap til folks meiningar og oppfatningar kring talemål. Eg arbeider med eit prosjekt der eg vil undersøke kva som er dei sentrale tendensane i talemålsutviklinga i delar av Kristiansandsdistriktet. I samband med dette vil eg også undersøke oppfatningar vanlege folk (dvs. ikkje-lingvistar) har om endring og variasjon i eigen dialekt. Dels vil resultata frå denne undersøkinga stå på eigne bein, dels vil dei bli sett i samanheng med resultata frå den førstnemnde undersøkinga. Ei undersøking av vanlege folks oppfatningar om språk høyrer på fleire vis inn under den språkvitskaplege retninga perseptuell dialektologi, og røynslene derifrå vil vere verdfull bakgrunnskunnskap for innhenting og tolking av data. Derimot ønskjer eg i mi undersøking å leggje eit særleg fokus på kva i språket som vanlege folk oppfattar somsæreige, og som dei meiner er i endring, og med eit slikt fokus er det smått med metodiske førebilete. Derfor er utfordringa å kome fram til ein eigna metode, og det eg tenkjer å prøve ut i mi undersøking, er det kvalitative intervjuet, kombinert med eit slags spørjeskjema.
-
-
-
Røsstad, Rune
(1998).
Ein samla dialekttradisjon.
Full text in Research Archive
Show summary
Melding av boka til Martin Skjekkeland: "Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla".
-
Røsstad, Rune
(2005).
Den språklege røynda. Om oppfatta og realisert talemål i austre Vest-Agder.
Rune Røsstad.
ISSN 9788271175641.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(1999).
Mellomalderbrev som kjelder i historieundervisninga.
Universitetet i Agder.
ISSN 9788271173920.
Full text in Research Archive
Show summary
Denne handboka handlar om bruk av ein type kjeldemateriale i historieundervisninga, nærare bestemt såkalla brev, eller diplom, frå den norske mellomalderen. Handboka er eit framlegg og ei drøfting av korleis dette kjeldematerialet kan brukast i undervisningssamanheng. I nyare læreplanar for historie er det kome meir vekt på kjeldestudium og kjeldekritisk lesing. Elevane skal bli kjende med og lære seg å vurdere historisk kjeldemateriale. Forfattaren har også laga eit forslag til undervisningsopplegg for dette. Dessutan er det som vedlegg utarbeidd ei lita samling av ulike typar mellomalderbrev til bruk i historieundervisninga i den vidaregåande skolen. Desse er attgjevne både i original språkform og i omsetting. To av dei er også omskrivne i norrøn normalortografi, til mogleg bruk i norskundervisninga.
-
Røsstad, Rune
(1997).
a tveim tungum. Om stil og stilvariasjon i norrønt lovmål.
Noregs forskingsråd og Senter for studiar i vikingtid og nord.
ISSN 9788212008519.
Full text in Research Archive
-
Røsstad, Rune
(1997).
Tilnærming til tekstlingvistikken.
Universitetet i Agder.
Full text in Research Archive
Show summary
Kompendiet vender seg til studentar i allmennlærarutdanninga (Norsk 1) og er ein kort presentasjon av tekstlingvistikken, med særleg vekt på korleis ein elevtekst kan beskrivast ut ifrå tekstlingvistiske omgrep.
-
Røsstad, Rune
(1996).
Sju fiolar på Agder. Førelesingar i nordisk språk og litteratur.
Universitetet i Agder.
ISSN 9788271173104.
Full text in Research Archive
Show summary
I desember 1995 fullførte sju studentar hovudfagsstudiet i nordisk språk og litteratur ved Høgskolen i Agder, i samarbeid med Universitetet i Oslo. Som ein del av avsluttande eksamen heldt desse sju prøveførelesingar i ulike emne. Her ligg no desse førelesingane føre i artikkelform. Tre av førelesingane dreier seg om talemål. Her tek forfattarane føre seg generelle, teoretiske problemstillingar frå denne delen av språkvitskapen.Også i to andre førelesingar er det fokus på språk, her med eit nordisk perspektiv. Den eine drøfter spørsmål som gjeld eit skandinavisk språkfelleskap, den andre handlar om tilhøvet mellom sørlandsk talemål og dansk. To av førelesingane handlar om litteratur, både med eit teoretisk perspektiv som gjeld novelleteori og modernisme, og med eit nordisk perspektiv sidan litteraturen ein ser på, er dansk og svensk.
View all works in NVA
Published
Apr. 16, 2024 11:09 AM