Å studere som privatist er eit tilbod til deg som ikkje har til formål å følgje undervising og å få rettleiing. Det vil seie at du ikkje skal levere semesteroppgåve, men avleggje eksamen tilrettelagd for privatistar. Vi tilrår i utgangspunktet at dei som ønskjer å ta eit emne ved UiA heller søkjer enkeltemne.
Eksamensavgift for privatistar:
Emne på inntil 10 studiepoeng: Kr 3000,- per emne
Emne på inntil 15 studiepoeng: Kr 4000,- per emne
Emne på inntil 20-30 studiepoeng: Kr 5000,- per emne
Semesteravgift for privatistar:
For å ta eksamen må du betale semesteravgift i tillegg til eksamensavgift. Dersom emnet går over to semester skal det betalast semesteravgift i det semesteret eksamen blir heldt.
Opptakskrav
Hugs at du må dokumentere opptakskravet. Ver oppmerksam på at somme emnar også har forkunnskapskrav eller tilrådde forkunnskapar.
Slik søkjer du
I Studieplaner vil du finne ei oversikt over alle emne på UiA. Du må klikke deg vidare til det aktuelle emne for å sjå om det er tilgang for privatistar. Her vil det også stå om det er eiga eksamensform for privatistar. Hvis du vil søke emnet/emnane kan du sende ein e-post til opptak@uia.no