Du må fylle alle opptakskrava på søknadstidspunktet. Du har derfor ikkje høve til å få eit tidleg svar viss du skal ta fag, kurs eller språktestar om våren.
For å få tidleg opptak til eit studium må du ha ein poengsum som ville ha vore i øvre halvdel blant søkjarane som blei tekne opp til studiet i fjor. Du kan normalt ikkje få tidleg opptak dersom vi ikkje kan poengrekne søknaden din.
Dersom du ikkje får tidleg opptak, blir søknaden din overført til hovudopptaket.
Du kan søkje om å få eit tidleg svar om du kan dokumentere følgjande:
Du er i jobb og har oppseiingstid, eller må søkje permisjon. Dette dokumenterar du med ein attest frå arbeidsgjevar om oppseiingstid eller permisjon, eller arbeidskontrakt og lønsslipp frå den siste månaden.
Du er sjølvstendig næringsdrivande og skal avvikle verksemda i samband med studium. Dette dokumenterar du med ein attest frå Skatteetaten eller føretaksregister om sjølvstendig næringsverksemd.
Du må flytte med familie på grunn av jobb, barnehageplass eller skulebyte. Dette dokumenterar du med ein bustadsattest frå Skatteetaten for deg og borna, eller deg og ektefelle/sambuar.
Du har behov for særskilt tilrettelegging på studiestaden. Høyr fyrst med lærestaden om det allereie er tilrettelagt for behova dine. Viss ikkje, dokumenterar du behovet med ein attest frå sakkunnig, til dømes lege. Attestar som inneheld sensitive personopplysningar, kan du ikkje laste opp i søknaden. Du må sende dette per post til sakshandsamar. Adressa finn du i søknaden din.
Du må søkje opphaldsløyve for å studere. Dette dokumenterar du med ein kopi av opphaldskort eller relevante sider i passet. Dette gjeld kun søkjarar med mellombels opphaldsløyve eller søkjarar som ikkje har opphaldsløyve i Noreg. Dette gjeld ikkje for søkjarar frå EU/EØS-land.
Ansvarlig for siden: Opptakskontoret <opptakSPAMFILTER@uia.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)>