Du kan få reservert studieplassen din på grunn av innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller andre tungtvegande grunnar. For å få innvilga reservert studieplass for militærteneste må dimmedato vere tidlegast 1. oktober. Ein kan få reservert studieplass i eit eller to år avhengig av tenestetida.
Du kan ikkje søkje om reservering av studieplass for studietilbod du har fått gjennom Ledige studieplasser, eller om du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).
Du må takke ja til studietilbodet innan svarfristen, uavhengig av søknaden din om å reservere studieplassen.
Søknad om reservert studieplass må sendast innan 3 veker etter at du fekk studietilbodet.
For å reservere studieplassen din må du sende ein søknad til opptak@uia.no, saman med dokumentasjon på kvifor du ønskjer å reservere plassen, til dømes tenesteinnkalling frå militæret. Viss dokumentasjonen inneheld sensitive opplysningar, til dømes legeattest, må dokumentasjonen sendast per post til:
Universitetet i Agder - Opptak
Postboks 422
4604 Kristiansand
Merk konvolutten: Reservert studieplass. Hugs å merke søknaden med søkarnummer og kva plass du ønskjer å reservere.