Fyller du 25 år i søknadsåret og manglar formell kompetanse, kan du søkje opptak med realkompetanse. Du må ha relevant kompetanse som kan veie opp for at du ikkje fyller dei vanlege opptakskravene
Du kan ikkje søkje realkompetansevurdering til grunnstudier om du har generell studiekompetanse.
Du kan søkje opptak til påbyggingsstudium og masterstudium med realkompetanse.
Søknadsfrist 1. mars.
Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er den kunnskapen og dei erfaringane ein har skaffa seg gjennom lønna arbeid, eller gjennom arbeid utan lønn. Realkompetansen kan òg komme frå utdanning eller organisasjonserfaring. Erfaringa må vere retta mot det studiet ein ønskjer å søkje opptak på.
Det er opp til Universitetet i Agder å vurdere om kompetansen er god nok. Har ein tidlegare fått opptak med realkompetanse, vil dette ikkje vere godkjent for seinare opptak. Du må sende inn all naudsynt dokumentasjon til kvart opptak.
Norsk- og engelskkunnskapar
Søkjarar må dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk som er tilstrekkelig for det enkelte studium, normalt norskkunnskaper tilsvarande andreklasse norsk vidaregåande skule, yrkesfagleg studieprogram. Søkjarar frå land utenfor dei nordiske landa må dokumentere norsk og engelsk tilsvarende kravet til generell studiekompetanse.
Attest frå arbeids- og organisasjonsliv(Attest må innehalde stillingsprosent, start- og sluttidspunkt)
Ligningsattest (selvstendig næringsdrivende)
Karakterutskrift
Annan informasjon som kan vere relevant
Rangering
Søkjarar vil bli vurdert ut frå den dokumentasjon som er sendt inn. Om Opptakskontoret finn at søkjaren er kvalifisert for opptak, vil søkjaren bli vurdert opp mot alle andre søkjarar til det aktuelle studiet. Er det konkurranse om plassane på studiet, vil søkjarar med godkjend realkompetanse bli skjønnsmessig vurdert i forhold til søkjarar som dekkjer dei formelle opptakskrava. Om søkjaren ikkje når opp i konkurransen vil ein bli sett på venteliste.
For studium utan konkurranse vil alle søkjarar med godkjend realkompetanse få eit tilbod om opptak.