Det er noko heilt spesielt med det å oppleve kultur og skikk på nært hald, og ein får ei heilt anna oppleving enn ein ville fått av å lære om det heime.
Guro Vaagen Huso
Lektorstudent på utveksling til Newcastle University
Eg har jamt hatt lyst til å oppleve eit anna land på nært hald og syntast difor at utveksling høyrdes ut som den perfekte måten å gjere dette på. Samtidig meiner eg at det å ha eit semester utanlands vil vere ein fordel for meg når eg seinare skal søkje arbeid, særleg då eg har vald engelsk som hovudfag i lektorprogrammet. I tillegg til dette så har eg hatt eit ynskje om å flytte til Storbritannia i fleire år, og det var difor inga tvil når eg fekk valet om å reise på utveksling til England.
Det som gjer Newcastle University spesielt er kvaliteta på forelesarane, samt deira evne til å nytte lokale døme i undervisninga for å engasjere studentane. I tillegg opplevde eg alle på universitetet som svært imøtekomande og hjelpsame, noko som gjorde utvekslingsopphaldet til ei trygg og god oppleving.
Studiane mine ved Newcastle University var, særleg samanlikna med studiane i Noreg, veldig intens. Dette har nok mykje å gjere med at studieperioden min her i England var kortare enn det eg er vane med, då me ikkje byrja med undervisning før fyrste veka i oktober. Samtidig så er all undervisning obligatorisk, og det vart forventa at studentane deltok i studiegrupper utanom vanleg undervisning. Dette kan eg innrømme var slitsamt til tider, men samtidig så meiner eg det er ein god måte å kome inn i studiane på, og det er også positivt for den sosiale sida av studiane. Derfor syntast eg at studietida i Newcastle har vore veldig lærerik, og eg sit at med ei god oppleving av studiane ved utvekslingssintitusjonen.
Vidare frå utvekslingsopphaldet i England tek eg med meg mykje kunnskap, ikkje berre om engelsk litteratur og språk, men også kunnskap om den engelske kulturen. Det er noko heilt spesielt med det å oppleve kultur og skikk på nært hald, og ein får ei heilt anna oppleving enn ein ville fått av å lære om det heime. Samtidig tek eg med meg nye vennskap og relasjonar, då utvekslingsopphaldet har gjeve meg høve til å bli kjend med menneske frå andre stader i verda, og eg har på denne måten lært om andre kulturar enn den engelske, og sett korleis menneske frå ulike land kjem sammen i nye omgivingar.
Ta ansvar for eiga studieopphald ved å ha dei ulike dokumenta i orden. Etter eiga erfaring er Newcastle University gode på å leggje til rette for utvekslingsstudentar, særleg med tanke på eksamensperioden (då den er i januar). Difor vil eg oppfordre studentar til å kontakte emneansvarleg ved utvekslingssinstitusjonen for å avklare dette.
Eit sosialt nettverk er viktig, særleg når ein flyt til ein ny by. Å bu i kollektiv kan høyras skummelt ut, men det er ein flott måte å bli kjend med nye menneske på. Dersom ein set pris på litt ekstra privatliv så kan Newcastle by på studentkollektiv der soveroma også har eit eiga bad, så her er det berre å hive seg på!
Det er viktig å bruke tid på studiane, men ein må ikkje gløyme å oppleve landet ein reiser til. Etter eiga erfaring vil det, utover semesteret, bli arrangera ulike sosiale samankomstar og turar rundt om i England, Skottland og Wales. Desse turane er relativt venlege mot lommeboka og er flotte moglegheitar til å bli kjend med andre internasjonale studentar.