0
Hopp til hovedinnhold

Min jobb: Gruppeleiar på Bygg og Konstruksjoner hos Sweco Norge AS

Bendik Nesland, foto.

Eg har lært å vere strukturert og å takle oppgåver som ein ikkje har svaret på, eller har forstått med ein gong oppgåva kjem. Ein må kunne bruke sin kunnskap til å jobbe seg gjennom problemstillingar ved hjelp av støttemateriell og standardar for å kunne kome fram til ei fornuftig løysning på ein strukturert og fornuftig vis.

Bendik Nesland

Byggdesign, bachelor

Navn: Bendik Nesland
Studium: Byggdesign (UiA) / Konstruksjon (NTNU)
Uteksaminert: 2008 fra UiA og 2011 fra NTNU
Stilling: Sivilingeniør, gruppeleiar på Bygg og Konstruksjoner
Arbeidsgiver: Sweco Norge AS, avdeling Kristiansand

Kva slags oppgåver har du i jobben?

I den daglege jobben min som bygningsingeniør har eg ein veldig variert arbeidsdag. Sidan mi stilling også inneholder personalansvar, vil ein kunne si at arbeidsdagen min er delt i to hovedgrupper. Eg er gruppeleiar for mine nærmeste ansatte og eg er ansvarleg for prosjektering av konstruksjonar i tre, stål og betong.

Dei mest morosame og interessante oppgåvene eg har i løpet av arbeidsdagen min er nok dei faglege oppgåvene, dei oppgåver som krev at eg må utvikle meg for å få dette til, og at løysninga ikkje er sjølvskriven før ein angrip problemstillinga. I tillegg er det tilfredsstillande når kundar ringer og vil ha deg til å gjere ein ny jobb fordi dei var så nøgd førre gong dei jobba med meg.

Korleis bruker du utdanninga di i jobben?

Eg har lært å vere strukturert og å takle oppgåver som ein ikkje har svaret på, eller har forstått med ein gong oppgåva kjem. Ein må kunne bruke sin kunnskap til å jobbe seg gjennom problemstillingar ved hjelp av støttemateriell og standardar for å kunne kome fram til ei fornuftig løysning på ein strukturert og fornuftig vis.

Samtidig er den praktiske forståelsen min frå sveinebrevet som tømrar ein serdeles viktig erfaring å ha med seg. Dette gir ein eit fortrinn i forståelse av oppbygging av konstruksjonar.

Korleis fekk du jobben du har nå?

Eg hadde gode karakterar, sveinebrev og eit godt utdanningsløp. Gode ord frå ein bekjent gjennom nettverket eg skaffa meg under utdanning  hjalp. Denne personen var ansatt i Sweco på den tida, og er nå ein av mine ansatte i gruppa mi.

Korleis var studievalet ditt?

Etter gjennomført sveinebrev i tømrarutdanning og eit par år i forsvaret, virka det fornuftig med ei høgare utdanning når ein hadde moglegheita som ung, fri og frank. Dermed var det Byggdesign i Grimstad som virka som det som passa best innanfor den faglege retninga eg hadde peika ut. Etter uteksaminering ved UiA, var det fornuftig å fortsette ved NTNU på anbefaling av faglærar og eigen motivasjon.

Kva slag val har gjort at du er der du er i dag?

Valg av studieretning ved videregåande skule var viktig. Personleg utvikling eg har fått gjennom fire år i Forsvaret der mykje av tida har vore i operasjonar i utlandet speler inn. Ein får eit perspektiv på livet som fører til at ein går inn i oppgåver med ein innstilling om å gjøre det beste ut av det når ein har fått sjansen. Det er det ikkje alle som har eller får. Ein sunn oppvekst på gard der ein veit at ein måtte ta i eit tak for at hjula skulle gå rundt, og alt arbeid som ligg bak for at ein skal få mat på bordet speler og inn.

Tips til studenter

  • Bli med på fest og moro i starten av utdanninga. Du skal utvikle deg sosialt og danne deg eit bredt nettverk. Det kan komme til nytte seinare i livet ditt.
  • Ta utdanningsløpet ditt seriøst og ta det som ein jobb. Stå opp om morgonen, møt seinast kl.08.00 og jobb med skulerelatert arbeid til kl.16.00-17.00. Då kan du kanskje unngå «lekser» og heller bruke kveldar og helger til sosialt og trening. La dette bli rutine, og heller la det vere spesielle tilfelle der du må trå til ekstra ved eksamen.
  • Ta eksamen og obligatoriske oppgåver seriøst og sørg for at du får så gode karakterar du bare kan på vitnemålet ditt. Viss du skal skilje deg ut i bunka på søkjerar ved ei aktuell stilling, vil gode karakterar gi deg eit vesentleg fortrinn og muligheita til å bli vurdert skikkelig og ikkje bare forkasta pga. dårlege karakterar. 

Send studiet på mail