Rytmisk musikk ved Universitetet i Agder har eit fagleg nivå som strekkjer seg langt utover Noregs grenser.
Pål Rake
Faglærerutdanning i rytmisk musikk, bachelor, og Rytmisk musikk, master
Etter ein talentkonkurranse for nokre år sidan blei han invitert til Liverpool Institute of Performing Arts (“Paul McCartney-skulen”), og har i ettertid blitt ringt opp fleire gonger med oppfordring om å søkje. Men eigersundaren har bestemt seg for å halde seg på Sørlandet.
– Opptaksprøvene ved UiA er særs omfattande, og det faglege nivået hos både studentar og lærarar tilsvarande høgt. Å ha flinke musikarar som medstudentar og anerkjente musikarar som forelesarar og lærarar er inspirerande. I haust hadde eg mellom anna Jarle Bernhoft som gjesteforelesar, og alle lærarane eg kjenner til på rytmisk musikk er óg utøvande musikarar på sida, fortel Pål.
Han meiner likevel at miljøet blant studentane er det aller viktigaste, og har merka seg at det er få spisse olbogar.
– Noko av det eg set mest pris på, er å kunne studere saman med flinke musikarar, som også er rause med kvarandre. Det skaper eit veldig godt miljø – både musikalsk og vennskapeleg.
Studentane innan rytmisk på faglærarutdanninga og på utøvande musikk går i same klasse, med eit unntak: Pedagogikk.
– At eg får undervisningskompetanse med på kjøpet er grunnen til at eg valte faglærarlinja.
Gjennom sitt nettverk av musikarar kjenner han også til musikktilbod elles i landet, og meiner at rytmisk musikk ved UiA skil seg ut på spesielt eitt område:
– I staden for å velje ein sjanger, så er “rytmisk musikk” ein slags “paraply”. Vi blir ikkje låst til éin sjanger, men kan finne vår eigen stil basert på alt vi lærer om rytmisk musikk. I staden for å bli likast mogleg eit ideal, er det fokus på individet, forklarer han.
I arbeidet med å gå frå musikar til artist har han god nytte av fasilitetane i dei nye lokala på campus.
– Vi er privilegerte som har fri tilgang til to studio på campus, som er i toppklasse i europeisk målestokk. Vi kan sitje i studio og vere kreative utan å tenkje at nokon skriv timer, seier han.