Alle Erasmus-studentar må ha ein Learning Agreement eller læringsavtale, før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, studieprogrammet / instituttet ved UiA og vertsuniversitetet. Learning Agreement skal vere klar innan avreise, og seinast to veker etter semesterstart.
UiA brukar Online Learning Agreement (OLA), som vert signert digitalt av alle partar:
Til dømes må du sjølv finne emne / kurs ved vertsuniversitetet. Deretter signerer du digitalt.
Når du har signert, blir din OLA sendt til ditt fakultet / LU ved UiA (Sending Institution)
Dersom alt er ok, signerer rådgivar ved ditt fakultet / LU din OLA, og den blir automatisk sendt vidare til vertsuniversitetet (Receiving Institution) for den siste signaturen.
Du får beskjed på e-post og / eller i Erasmus+ App’en når ein part har signert. Du kan og logge på Online Learning Agreement eller sjå Erasmus+ App’en for å sjekke status undervegs i prosessen.
Dersom du treng hjelp eller råd med utfyllinga, kan du kontakte Internasjonalt kontor eller studierettleiar ved ditt fakultet / LU.
Dersom du ikkje får vertsuniversitetet sin signatur på OLA før du reiser, kan du likevel få Erasmus-stipendet så lenge du sjølv og ditt fakultet / LU på UiA har signert. Då må du sørge for at vertsuniversitetet signerer din OLA så snart semesteret startar, og den må vere signert av alle tre partar seinast to veker etter semesterstart.