Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
Statsvitenskap og ledelse, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane:
ha avansert kunnskap om ulike overordna perspektiv og spesifikke teoriar om organisasjonar og organisering, og forstå likskap og ulikskap mellom dei
kunne kritisk reflektere over og diskutere teoriar og omgrep
forstå og kunne diskutere korleis organisasjonar vert utforma
kunne analysere samband mellom organisering og utfall
kunne bruke teoriar og omgrep i empirisk analyse, til dømes i samband med masteroppgåve
ha ei inngående forståing av praktiske implikasjonar av teoriar om organisasjon og organisering
Innhold
Emnet gjev ein grundig gjennomgang og går i djupna av ulike teoretiske perspektiv og forskingstradisjonar sine bidrag til forståing av fenomena organisasjon og organisering. Hovudperspektiva er det institusjonelle og det rasjonelt-instrumentelle. Spesifikke forskingstradisjonar innanfor desse perspektiva (som til dømes historisk institusjonalisme, klassisk institusjonalisme, nyinstitusjonalisme, skandinavisk institusjonalisme, contingency-teori m.m.) ligg til grunn for grundig presentasjon og drøfting av aktuelle tema knytt til moderne organisasjonar og organisering. Døme her kan vera sosial evaluering, makt, tillit, kommunikasjon m.m. Sentrale spørsmål er for det første kva som kjenneteiknar formelle organisasjonar i høve til andre sosiale system som til dømes nettverk og institusjon. For det andre korleis ulike eksterne og interne kontekstar, strukturar og prosessar påverkar organisasjonsutforming. For det tredje korleis organisasjonar og organisering verkar inn på individuell og kollektiv handling, utfall av interne prosessar og organisasjonsresultat, og på omgjevnadene.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminar med plenumsdiskusjonar, gruppearbeid og gruppepresentasjonar. Estimert arbeidsomfang er 270 timer.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjent innlevering og presentasjon av førebudde innlegg. Nærmere informasjon fås i Canvas.
Eksamen
Individuell heimeeksamen over 7 dagar. Gradert karakter A-F.
Studentevaluering
Studieprogramleier i samråd med studenttillitsvalgt fastset evalueringsform og om emnene skal ha midtveis- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.