Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7, 5-årig masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk
Forkunnskapskrav
Bestått praksis i 4. studieår.
Bestått alle andre emne som inngår i studieprogrammet før oppgåva blir levert til sensur.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
ha spesialisert innsikt i eit avgrensa område innanfor norskdidaktikk retta mot trinn 1-7 i grunnskolen
ha inngåande kunnskap om forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk
Ferdigheiter
Studenten skal
kunne utforme problemstillingar som er viktige for undervisning i norskfaget, analysere og utforske desse, og kunne presentere resultata på ein vitskapeleg måte
kunne analysere og forholde seg kritisk til forsking og bruke denne kunnskapen i arbeidet med masteroppgåva i norskdidaktikk
kunne gjere greie for forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk
Generell kompetanse
Studenten skal
på eit avansert nivå kunne formidle og kommunisere til ulike målgrupper om faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga
Innhald
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid innan eit fagdidaktisk tema i norskfaget retta mot trinn 1-7 i grunnskolen. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert. Både teoretiske og empiriskbaserte studiar kan vere moglege. Arbeidet vert utført i samråd med ein oppnemnt rettleiar, som må godkjenne problemstillinga. Studenten får tildelt rettleiar på grunnlag av ei prosjektskisse.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet med masteroppgåva skjer i regelmessig kontakt med rettleiar. Plikter og rettar i arbeidet vil gå fram av ein rettleiingskontrakt. I emnet inngår 2 obligatoriske rettleiingsmøte. I tillegg kjem munnleg presentasjon av masterarbeidet i eit eige seminar. Normalt vil delar av rettleiinga skje i grupper der studentane må delta aktivt i arbeid med eigne og andres tekstar.
Obligatorisk arbeid vil gå fram av rettleiingskontrakten.
Det er venta at kvar student arbeider minst 800 timar med emnet.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjend deltaking i obligatorisk rettleiing og presentasjonsseminar.
Godkjend og underskriven rettleiingskontrakt. Vilkåra i rettleiingskontrakten må vere oppfylte.
Eksamen
Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller i par. Valfri målform. Omfang: 50-80 sider/20000-32000 ord (75-100 sider/30000-40000 ord dersom oppgåva vert skriven i par). Studentane kan velje å bruke tekstdelar frå arbeidskrav og/eller eksamenssvaret frå NO-506 som ein del av masteroppgåva. Ein kan opne for dokumentasjons- og framstillingsformer som kombinerer den skriftlege teksten med andre medium (t.d. film). I slike tilfelle må form og omfang avtalast med instituttet. Oppgåva vert vurdert med bokstavkarakter A-F.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.