ha avansert kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innanfor lingvistikken, og om korleis innsikt frå desse kan nyttast i tolking og analyse av språk og språkforhold
ha inngåande kunnskap om faghistorie og sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor lingvistikken - ha kunnskap om korleis lingvistiske tradisjonar er forma av ulike vitskapsfilosofiske synsmåtar
Ferdigheiter
kunne reflektere sjølvstendig kring ulike teoriar og deira premissar
kunne trekke fram parallellar og kontrastar mellom ulike lingvistiske fagtradisjonar
kunne vurdere og bruke lingvistiske teoriar og metodar i ulike faglege og ikkje-faglege samanhengar
Generell kompetanse
kunne bruke lingvistiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter i møte med relevante utfordringar i ulike kontekstar
kunne kommunisere om lingvistiske og grammatiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til almenta.
Innhald
Emnet er eit studium i lingvistiske teoriar, og gir ei innføring i ulike retningar og metodar innanfor lingvistikken som vitskapsdisiplin. Studentane skal lese og diskutere eit utval teoretiske originaltekstar, og få innsikt i korleis ulike lingvistiske fagtradisjonar og metodar har medverka til å forme moderne lingvistikk. Tekstutvalet presenterer mellom anna strukturalismen, generativ grammatikk, kognitiv grammatikk, sosiolingvistikk og tekstvitskap. Studentane skal óg lese og diskutere faghistoriske og vitskapsteoretiske tekstar.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing og seminar. Studentane er aktivt med i diskusjonar og analysar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Eksamen
Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamenssvaret skrivast på bokmål dersom masteroppgåva skal skrivast på nynorsk, og på nynorsk dersom masteroppgåva skal skrivast på bokmål. Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarleg fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, med atterhald om ledig plass og kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Som for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.