ha avansert kunnskap om eit utval tekstorienterte, kontekstorienterte og lesarorienterte litteraturteoriar, og om korleis dei kan nyttast i litterære analyser
ha inngåande kunnskap om litteraturfagets historie og diskusjonar om vitskapsteoretiske spørsmål
Ferdigheiter
kunne arbeide sjølvstendig med ulike teoriar i litterære analysar
kunne vurdere og kritisere bruk av teoriar og metodar i faglege samanhengar
Generell kompetanse
kunne bruke litteraturteoretiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet
kunne kommunisere om litteraturteoretiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
Innhald
Emnet er eit studium i litteraturteori, og det tar også opp faghistoriske og vitskapsteoretiske tema. Studentane skal lese og diskutere eit utval teoretiske originaltekstar og drøfte korleis dei kan nyttast i analyse av litteratur. Tekstutvalet omfattar både tekstorienterte, kontekstorienterte og lesarorienterte litteraturteoriar. Studentane skal også lese og diskutere faghistoriske og vitskapsteoretiske tekstar
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing og seminar. Studentane er aktivt med i diskusjonar og analysar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Eksamen
Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamenssvaret skrivast på bokmål dersom masteroppgåva skal skrivast på nynorsk, og på nynorsk dersom masteroppgåva skal skrivast på bokmål. Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarleg fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, med atterhald om ledig plass og kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Som for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.