Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten
- ha inngåande kunnskap om forsking som gjeld språkleg mangfald i skrift og tale (før og no)
- ha inngåande kunnskap om språkundervisning med vekt på ungdomstrinnet, og om språkdidaktikk
- ha inngåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkundervisninga til elevar med ulike føresetnader og behov
Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten
- kunne orientere seg i og vurdere kritisk nasjonal og internasjonal forsking, og kunne bruke innsikter frå dette i eige undervisningsarbeid
- kunne utvikle, gjennomføre og evaluere opplæring som omfattar retorikk og språkleg mangfald, og som er forankra i forskingsbasert kunnskap
- kunne reflektere over forholdet mellom språkteori og didaktikk
- kunne på eit avansert nivå analysere og vurdere munnlege og skriftlege elevtekstar med utgangspunkt i retorikk og språkleg mangfald
- kunne analysere digitale og analoge læringsressursar og kritisk vurdere bruken av dei
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg avansert kunnskap om språkleg mangfald i skrift og tale og om arbeid med dette i norskfaget. Studentane skal få inngåande kunnskap om viktig forsking som gjeld språkleg mangfald, og kunne sjå korleis ulike teoretiske innfallsvinklar kan gi ulike perspektiv på elevars munnlege og skriftlege tekstar. Studentane skal også reflektere over vekslande syn på språkleg mangfald si rolle i skolen. Gjennom arbeid med emnet skal studentane få avansert innsikt i språkundervisning, slik at samanhengen mellom teoretiske modellar og den praktiske bruken av desse blir tydeleg.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i språk på 5.-10. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.
Emnet legg opp til å arbeide med digitale verktøy som kan vere tenlege for språkundervisning på 5. - 10. trinn i grunnskolen.
Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.
Det inngår 5 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Desse skal vere ei førebuing til praksisperioden i 8. semester.
Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.
Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart, jf. Forskrift om studier og eksamen § 16.
Grunnskolelærarstudentar må ha godkjend praksis. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere godkjend.
1 semester
15
Høst
Kristiansand
Fakultet for humaniora og pedagogikk