Grunnskolelærarstudentar må ha fullført og bestått NO-155 Norsk for barnetrinnet 1, NO-156 Norsk for barnetrinnet 2 og NO-157 og NO-157 Norsk for barnetrinnet 3.
Andre studentar må ha fullført og bestått grunnskolelærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk retta inn mot undervisning på trinn 1-7, eller allmennlærarutdanning med minimum 60 stp. i norsk.
Kunnskapar:
Etter fullført emne skal studenten
Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg avansert kunnskap om språkleg variasjon i skrift og tale og om arbeid med dette i norskfaget, der begynnaropplæringa blir særleg vektlagd. Studentane skal få inngåande kunnskap om viktig forsking som gjeld språkleg mangfald, og kunne sjå korleis ulike teoretiske innfallsvinklar kan gi ulike perspektiv på elevars munnlege og skriftlege tekstar. Studentane skal også reflektere over vekslande syn på språkleg mangfald si rolle i skolen. Gjennom arbeid med emnet skal studentane få avansert innsikt i språkundervisning, slik at samanhengen mellom teoretiske modellar og den praktiske bruken av desse blir tydeleg.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i språk på 1.¿7. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.
Emnet legg opp til å arbeide med digitale verktøy som kan vere tenlege for språkundervisning på 1.-7. trinn i grunnskolen.
Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.
Det inngår 5 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Desse skal vere ei førebuing til praksisperioden i 8. semester. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.
Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart, jf. Forskrift om studier og eksamen § 16.
Andre studentar må ha godkjend praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere godkjend.
1 semester
15
Høst
Kristiansand
Fakultet for humaniora og pedagogikk