Norsk som andrespråk og kulturkunnskap, halvårsstudium
Norsk som andrespråk og kulturkunnskap
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
NO-141 eller NO-149 eller tilsvarande.
Læringsutbytte
Kunnskapar Studenten skal etter gjennomført emne:
ha kunnskap om tilhøvet mellom språk, identitet og kultur
ha kunnskap om strukturar i nokre utvalde morsmål og norsk
ha kunnskap om ordtilfanget i norsk og korleis ein lærer ord
ha kunnskap om ulike skriftsystem og alfabetisering
ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i eit mangfaldsperspektiv
ha kunnskap om litteratur og medietekstar med fleirkulturell tematikk retta mot ungdom og vaksne
Ferdigheiter Studenten skal etter gjennomført emne:
kunne leggje til rette for innlæring av norsk som andrespråk
kunne leggje til rette for samtalar om identitet og kultur med utgangspunkt i litterære tekstar og andre tekstar frå ulike medium
kunne vurdere kartleggingsverktøy
Innhald
Emnet byggjer vidare på nokre av dei språklige, litterære og didaktiske emna frå NO-141/149, men har større fokus på tilhøvet mellom språk, kultur og identitet, samt det å ha bakgrunn frå ein annan skrifttradisjon.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil skje i fem samlingar og består av førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
To godkjende arbeidskrav som blir gjort kjent ved semesterstart.
Eksamen
Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.