Innføring i norsk som andrespråk og kulturkunnskap
NO-141-1
Inngår i studieprogram
Norsk som andrespråk og kulturkunnskap, halvårsstudium
Undervisningsspråk
Norsk.
Tilrådde forkunnskapar
NO-136 og NO-140 eller tilsvarande
Læringsutbytte
Kunnskapar Etter fullført emne skal studenten
ha kunnskapar om korleis andrespråk vert tileigna og utvikla
ha kunnskap om kva det vil seie å vere fleirspråkleg og om fleirspråkleg opplæring i Noreg (inkludert opplæringslova og læreplanar)
ha kunnskap om norsk språkstruktur i eit samanliknande perspektiv (inkludert språktypologi)
ha kunnskap om karakteristiske trekk ved tekstar skrivne av andrespråksinnlærarar
ha kunnskap om opplæring av elevar frå språklege minoritetar i lesing, skriving og munnleg bruk av språket
ha kunnskap om tolking av litterære tekstar i fleirkulturelle klasserom
ha kunnskap om fleirkulturell litteratur på norsk
Ferdigheiter Etter fullført emne skal studenten
kunne leggje til rette for innlæring av norsk som andrespråk
kunne analysere og vurdere tekstar skrivne av fleirspråklege elevar
kunne leggje til rette for arbeid med litteratur i fleirkulturelle klasserom
Innhald
Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om og innsikt i språklege, litterære og didaktiske emne relatert til undervisning og opplæring av minoritetsspråklege elevar samt det å vere fleirspråkleg.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil skje i fem samlingar og inneheld førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
To godkjende arbeidskrav, som blir gjort kjent ved semesterstart.
Eksamen
Individuell skriftleg eksamen under tilsyn på 6 timar. Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.