Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Ingebjørg Nestestog Edland

Nordisk språk og litteratur
Fakultet for humaniora og pedagogikk
24. april 2020

Transkripsjon av skillingsviser

Denne våren fekk eg prøve meg på transkripsjon av skillingsviser frå gotisk skrift. 

Hausten 2019 fekk eg og ein medstudent prøve oss på transkripsjon. I vår baud anledningen seg att, der me fekk i oppgåve å transkribere skillingsviser (sørgeviser) frå 1700- og 1800-talet - opphavleg skrivne med gotisk skrift. Dette har vore ein spanande jobb. Det var vanskeleg å kome inn i det gotiske alfabetet i byrjinga, då dei ulike tidsperiodane baud på noko variasjon i teikn og rettskriving. Heldigvis hadde me moglegheit til å bruke ein nettstad kalla "Gunnerus-arkivet; den forsømte kulturarven" der me kunne søke opp visene og zoome inn på delar av tekstane for å kunne tyde bokstavane betre. Det var uvant å bruke så mykje store bokstavar når ein skriv, då alle substantiv byrja med stor bokstav, og ein måtte også ha tunga rett i munnen for å ikkje skrive "å" der det skulle vere dobbel "a". Sjangeren på tekstane var sørgeviser, fleire religiøse, og det var mange ulukkelege skjebnar som utfalda seg på tastaturet. Likevel likte eg denne jobben veldig godt, og det gjekk ganske fort å jobbe seg gjennom tekstane når ein fyrst kom inn i det gotiske alfabetet. Eg følte eg lærte betre å tyde gotisk skrift, noko som kan kome godt med dersom ein vil lese eldre tekstar i sin opphavlege form. Samstundes fekk eg eit fint innblikk i korleis sorg vart vist og dikta om på den tida.