Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Ingebjørg Nestestog Edland

Nordisk språk og litteratur
Fakultet for humaniora og pedagogikk
04. mars 2021

Transkripsjon av samtale om Bob Dylan-omsetjing

Eg har hatt glede av å vere med på eit forskingsprosjekt som omhandlar omsetjing av Bob Dylans songtekstar til norsk. Her fekk eg transkribere ei samtale mellom musikar Johan Martin Aarstein og musikar og tekstforfattar Tom Roger Aadland. 

I dette forskingsprosjektet vart eg invitert av Bjarne Markussen til å transkribere råmaterialet av eit opptak av ei samtale mellom Tom Roger Aadland og Johan Martin Aarstein. Opptaka omhandla korleis Aadland og Aarstein jobba med å omsetje Bob Dylans songtekstar til norsk. Det var to korte opptak eg skulle føre ned, men både lydkvalitet på opptaka og dialektane til personane involvert baud på utfordringar. I tillegg kunne ein høyre spørsmål frå publikum, instrument, latter og utdrag av engelske songtitlar og tekstar på opptaka. Halvering av hastigheit på lydfilene hjalp når det skulle førast ned. Særleg dialektane til dei involverte var spanande å bryne seg på når det galdt å føre dei over i nynorsk språkform. Dette var ei interessant og spanande oppgåve og noko eg gjerne gjer igjen!

Vil anbefale alle å takke ja til å delta i forskingsprosjekt om moglegheita byr seg!