Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Ingebjørg Nestestog Edland

Nordisk språk og litteratur, bachelor
Fakultet for humaniora og pedagogikk
26. november 2019

Moderne skillingsviser

Eg har hatt gleda av å delta i eit forskingsprosjekt som omhandlar moderne skillingsviser. Her fekk eg og ein medstudent bryne oss på transkribering av eit intervju med den kjende radiosatirikaren Else Michelet. 

I dette forskningsprosjektet vart eg og ein medstudent invitert av Bjarne Markussen til å transkribere eit intervju mellom han og Else Michelet, eit intervju han hadde gjennomført i arbeidet med eit verk om skillingsvisetradisjonen. I prosjektet delte me lydfiler mellom oss, og jobba med dei både kvar for oss og saman. Samarbeidet gjekk mykje ut på å finne eit felles språkleg utgangspunkt for transkripsjonen, og å vere tilgjengelege for kvarandre dersom ein var usikker på kva ord som vart uttalt. Det var veldig godt å vere to om dette. Læringsutbytte gjekk mykje på å utforske måter å føre lyd ned i skrift; ikkje berre det Michelet og Markussen snakka om konkret, men toneleie, latter og intensitet i stemmebruk. Både tempo, volum og gjentakingar baud på utfordringar. Dette var fyrste prosess i nedskriving av teksten, råmaterialet, så me førte ned stort sett alt me høyrde. Likevel er det med eit visst ansvar å føre ned ei så kjend radiostemme til tekst, då ein er redd for å gå glipp av noko som kanskje er eit særskild kjenneteikn for Michelet. Alt i alt var det ei spanande oppgåve og noko eg gjerne vil gjere igjen. Eg vart utan tvil meir medviten på kva kraft som ligg i stemmebruk ved formidling av kjensleladde vitsar, forteljingar og viser. Og ikkje minst korleis ironi og satire kan skape misforståingar om det ikkje blir formidla på ein god måte! Meir om dette og det spanande yrkeslivet til Else Michelet får dykk lese om i boka når den kjem ut!