Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Eline Øverbø Roaldsøy

Nordisk språk og litteratur
Fakultet for humaniora og pedagogikk
21. november 2019

Moderne skillingsviser

Moderne skillingsviser er eit prosjekt innanfor forskingsgruppa som arbeidar med songlyrikk. Else Michelet har vore ein av dei store satirikarane i NRK radio.

No i haust har eg og ein annan student blitt inviterte av professor Bjarne Markussen til å bidra inn i eit forskingsprosjekt knytta til skillingsviser. Han ønska hjelp til transkribering av eit intervju han hadde gjennomført i arbeidet med eit verk om skillingsvisetradisjonen. I dette prosjektet fekk me fleire lydfiler med intervju av Else Michelet. Else Michelet er for mange ein kjent radiostemme gjennom programmet «Hallo i Uken» på NRK P2, der dei leikar med nyhende frå veka gjennom songar og sketchar. I tillegg til å vera kjent for radio er ho òg kjent for treffsikker satire rundt kvinnesaka.

Oppgåva me fekk var å skrive lydfilene me fekk om til tekst. Disse lydfilene delte me mellom oss. Arbeidet har den utfordringa at når me pratar brukar me ikkje berre ord, men stemmekvalitet, tempo og tenkjelydar. Ingenting av dette er lett å formidla i tekst. Michelet er spesielt flink når det kjem til stemmeformidling, så det var noko me måtte ha ein medvite forhold til.

Derfor var det veldig bra at me var to som arbeida på prosjektet saman. Sjølv om me stort sett arbeida kvar for oss hadde me møter der me drøfta dei tre punkta over. Me skulle passe på at det blei kontinuitet i teksten, så me hadde nokre gode diskusjonar om språk- og ordval. Kva skulle me gjere når intervjuar eller intervjuobjektet endra meining midt i ein setning, noko som er veldig vanlig i munnleg språkbruk? Er ordet «høgre» brukt om retninga eller partiet? Når eit «uhhm» blir veldig langt, skal dette vera med?

Å få delta i eit forskingsprosjekt innanfor mitt eige fagområde har vore spennande. Det har gitt meg meir innblikk i kva dei akademisk tilsette her ved UiA gjer når dei ikkje har førelesingar. interessant. Arbeidet har gjort meg veldig medviten når det gjeld stemma som ein viktig del av språkbruken vår. Som ein bonus lærte eg mykje om Else Michelet og hennar tankar og prosess rundt satire. Dette innblikket fekk eg mykje tidligare enn alle andre, alle som må venta til boka til forskingsgruppa kjem. Det har vore ei kjekk erfaring og eg kunne gjerne tenkja meg å vera med på noko liknande igjen.