0
Hopp til hovedinnhold

Sigrid Rekve

Sigrid Rekve
Bachelor in rhythmical music
Fakultet for kunstfag
12. juni 2019

GENUS Conference 2019

«The big why» tek opp spørsmålet om kvifor det er fleire gutar og menn i musikkbransjen, kvar er jentene?

Eg var referent fyrste dagen og deltakar andre dagen på konferansen.

Dei to hovudoverskriftene torsdagen var «The big why» og «The gate». Hedvig Mollestad opna med å snakke om det å vere artist og instrumentalist. Ho snakka om likestilling innan musikken. Musikk er musikk, kunst er kunst. Om ein seier det er ein forskjell mellom menn og kvinner som instrumentalistar, vil det verte ein forskjell. Mollestad hadde ikkje tenkt på at ho var jentegitarist før ho vart intervjua og møtte publikum.

 

«The big why» tek opp spørsmålet om kvifor det er fleire gutar og menn i musikkbransjen, kvar er jentene? Kvifor vel jenter oftare å synge enn å spele eit instrument. Kva kan ein gjere for å få fleire jenter til å spele instrument? Då eg starta i skulekorpset i 2. klasse på barneskulen ville eg spele trommer. Eg fekk ikkje lov å starte å spele trommer fordi det var for mange som hadde valt det. Alle var gutar.

 

På bordet mitt var det studentar og lærarar frå tre forskjellige europeiske land. Det kom fort fram at likestillinga generelt er komen lengre i Norge, enn dei to andre landa. Det kom fram at lærarar med høgare stillingar ved universiteta nesten alle var menn. Ofte var det kvinnelege assistentar som gjorde all jobben, og menna tok krediten for jobben. Ved eit universitet hadde ein student fått eit stipend utan ein gong å søkje på stipendet – det måtte vere ein mannleg student som fekk stipendet.

 

Ved universitetet til den eine deltagaren, er fokuset fyrst og fremst å gjera studentar, lærarar og generelt heile landet oppmerksam på at det faktisk er eit problem. Likestillinga er ikkje komen langt nok. Kvinner er undertrykte. Kommentarar på at «slik har det alltid vore» heng igjen. På førelesningar er det vanleg å høyre sexistiske kommentarar, som heile klassar vert vitne til. Ei jente hadde fått beskjed om at ho ikkje burde framføre på ein konsert og drive med musikk, då ho var mindre pen. Dette fokuset på utsende er som oftast retta på kvinner og ein høyrer det sjeldan om menn. Deltakarane rundt bordet mitt var opptatt av å gjere «verda» oppmerksam på at det fortsatt er kvinneundertrykkelse. Me snakka difor ein del om generell likestilling i tillegg til at det er få jenter som speler instrument og driv med musikk.

 

Forslag til å få fleire jenter til å spele instrument og drive musikk kan allereie starte med godnatt-historiar. Om ein har bøker med kvinnelege superheltar, eller berre vanlege damer med ein vanleg jobb, som ikkje er kledd i rosa kjole og sminke. På barneskulen kan ein i musikkfaget rullera på instrumenta, så alle får prøve alle instrument (om ein har moglegheit til dette). Ofte er det gutane som skal slå på trommene og «bråke» mens jentene er meir forsiktige og tek synge-rolla, sjølv om dei kanskje vil prøve seg på andre instrument. Me kom fram til at om alle får prøve ulike instrument i denne årsgruppa, kan det gjere at fleire jenter vil starte å spele instrument ved kulturskular, korps osv. Gutar kan få augene opp for det å synge ved å rullera.

 

Om ein ser på «the Gate», som kan forklarast med inngangen til eksempelvis eit musikk-konservatorie, der ein må gjennom ein opptaksprøve, møter ein forskjellige utfordringar. Fleire tok opp at det ofte berre er menn som sit å vurderer på sjølvet opptaket. Ved UiA har ein prøvd å unngå dette. Å alltid ha begge kjønn i rommet på opptaksprøvane. Dette for å løysa opp i energien det er i eit rom der det berre er menn. Følelsen jenta får når ho kjem inn i eit rom der det berre er gutar og menn, kan gå umerka forbi, men kan og gjere kandidaten meir nervøs og usikker.  Kjønnskvotering vart snakka ein del om i gruppa vår. Om ein skal bruke kjønnskvotering burde dette skje på lågare nivå enn på eit universitet.

 

Mi oppleving av konferansen var at den var svært vellykka, godt planlagt, og nye tankar og idear dukka opp i fleire hovud. Det vart snakka ein del om å ha jente-camp, jentesamspel og generelt ein fristad for jenter, der dei kan prøve ut det dei vil, utan å ha press på seg. Fleire har allereie prøvd ut dette, og det visar at det fungerer. Spørsmålet som dukkar opp då er, kvifor må ein ha ein fristad for jenter, for at dei skal tørre å prøve ut forskjellige instrument?

 

Eg håpar å kunne vere med på neste genuskonferanse som deltaktar. Det er eit viktig arbeid ein har starta med, som treng tid på seg. Til neste konferanse håpar eg dei igjen inviterer Hedvig Mollestad og Sally-Ann Gross, i tillegg til å intervjue studentar som spelar instrument slik som vart gjort på konferansen. Fleire tok opp at det er viktig med rollemodellar, inkluderande og inspirerande lærarar og eit samfunn som løfter og hjelper, for at ting skal skje.

Send studiet på mail