Gå til hovedinnhold
0
Jump to main content

Andrea

Andrea
Ernæring- bachelor
Fakultet for helse- og idrettsvitenskap
13. desember 2017

Diet 2day-health of tomorrow

Eg har vore så heldig og fått tatt del i forskningsprosjektet «Diet today-health of tomorrow», dette er eit prosjekt i forskningsgruppa «Feed». Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om kosthold og helse blant unge voksne utan barn.

Alle som deltok var derfor i denne målgruppa. I denne omgang var oppgåva å validere eit nyutvikla spørjeskjema. Deltakarane i studien fekk først tilsendt eit spørjeskjema på mail, gjennom det prøvde ein å fange opp korleis kosthald personen hadde. Etterpå fekk dei utdelt matvekter som skulle brukast for å veie all mat og drikke dei inntok i ei veke. Det vart også samla inn biomarkørar i form av blodprøvar, for å sjekke A-vitaminstatus i blodet. Poenget med å gjennomføre alle desse tre metodane, er at ein då kan sjekke om spørjeskjemaet har fanga opp det same som blodprøven og kostregistreringa. Dei to sistnevnte er to ganske presise måtar å måle kosthold på, det betyr altså at dersom spørreskjema finn sirka det samme er det veldig positivt. 

Mi rolle har vært å kode kostholdsdagbøkene som deltakarane fylte ut, der skreiv dei ned alt dei spiste og drakk i ei veke. Kodinga må gjøres for å klargjøre data ein har samla inn, slik at programmet ein vidare brukar for å analysere data skal tolke dei riktig. Som ernæringsstudent er eg takknemleg for at eg kunne bidra i forsking på mitt fagfelt. Eg har fått ein veldig positiv erfaringar ved å delta i prosjektet, og har synes det har vore gøy å sjå i praksis korleis forskning kan foregå. Det har vore lærerikt, og ein veldig fin erfaring å ha med videre.