Gå til hovedinnhold
0
Hopp til hovedinnhold

Tora Karoline Mjelde Rundhovde

Tora Karoline Mjelde Rundhovde
Deadly Dreams: The Cultural History of Poison
Fakultet for humaniora og pedagogikk
15. desember 2017

Deadly Dreams: Kulturhistoria rundt giftbruk

Gjennom det internasjonale forskingsprosjektet Deadly Dreams, som undersøkjer kulturhistoria rundt giftbruk i samfunnet, har eg undersøkt
skademeldingar i frå lokale verksemder i Kristiansand, ved Statsarkivet. Her har eg fått innsikt i korleis arbeidskulturen byrja å få eit anna syn
på ulike giftskader i arbeidslivet.

Eg har vore så heldig å få ta del i det internasjonale forskingsprosjektet Deadly Dreams,som forskar på kulturhistoria rundt giftbrukt i samfunnet.
Gjennom dette prosjektet hadde eg mine arbeidsoppgåver. Eg har vore på Statsarkivet og sett gjennom skademeldingar frå lokale verksemder i
Kristiansand. Her har eg fått innsikt i korleis arbeidskulturen byrja å få eit anna syn på ulike giftskader i arbeidslivet.Dette har vore eit spanande
arbeid som har gjeve meg ei god innsikt i fortidas arbeidsmiljø.

Då eg først byrja, hadde eg ikkje vore mykje i arkiv og aldri søkt i eit, men ein gang må vere den første. Eg fekk ein kjapp introduksjon, og etter
litt knoting var eg i gang. Eg var nervøs for å gjere feil i byrja, men fekk raskt teken på arbeidsoppgåva. Arbeidet blei enklare etter kvart, ikkje
berre fordi eg kom inn i stoffet, men fordi materialet gjekk frå handskrivne sider til maskinskrivne utfylte skjema. Stoffet var svært interessant og
eg synes det var kjekke arbeidsoppgåver.

Etter arkivarbeidet, måtte kopiane sorterst og setjast i permar, så eg måtte lage eit system som kunne brukast av andre, og ikkje minst vere
forståeleg for andre enn meg sjølv. Dette var midt i blinken for ei som liker å lage system i (sy)sakene.

Arbeidserfaringa har vore uvurderleg for meg. Eg fekk mogelegheita til å arbeide i eit arkiv og sjå framgangsmåten for å finne relevant
informasjon, slik at eg var mykje meir forberedt når eg byrja på arkivsøk i forhold til masteroppgåva mi.