0
Hopp til hovedinnhold

Korleis kan du som avgangsstudent forberede deg til tida etter koronakrisa?

Er du avgangsstudent, og er bekymra for arbeidsmarknaden etter studiet? Situasjonen med koronakrisa vi no er i kan vere utfordrande og uvitande for mange arbeidssøkarar. Det er likevel mykje du kan gjere for å forberede din vidare karriere.

Student i vrimlehallen

Det viktigaste du gjer i denne usikre perioden er å fokusere på det du sjølv kan gjere noko med, og ikkje alt anna. Du kan verken føresjå kor lenge denne perioden vil vare eller korleis arbeidsmarknaden framover kjem til å bli. Det vil komme betre tider der det ruller og går meir som normalt. Det er dette du må ta utgangspunkt i, og no har du mogelegheit til å forberede deg til denne tida. Kanskje du treng nokon tips til korleis du kan bli meir førebreidd til arbeidssøkarprosessen? Her kjem åtte tips til kva du kan gjere i denne perioden for å forberede deg på tida etter korona.

1. Kontakte karriererettleiar:

Karriererettleiing bidrar til at du blir meir bevisst over eigen kompetanse, vegen din vidare og gjere deg meir forberedt i jobbsøkarprosessen. Dette kan vere ein stad å byrje dersom du er usikker på korleis du skal handtere denne situasjonen. UiA Karriere tilbyr karriererettleiing der ein kan snakke om stort og smått angåande sin eigen karriereveg. Det er viktig at du ikkje sit åleine med din usikkerheit, og heller finn nokon å snakke med. Når du pratar med nokon kan dine behov og moglegheiter vidare bli tydlegare for deg. Som avgangsstudent kan du via UiA Alumni nytte deg av UiA Karriere sine tilbod inntil to år etter at ein er ferdig som student. I tillegg vil det no vere moglegheit for å få CV-sjekk og å delta på eit skreddarsydd kurs til våre avgangsstudentar. Det gjeld det å nytte seg av dette når ein først kan.

2. Planlegge karrieren din:

Etter å ha snakka med karriererettleiar eller andre kjente har du kanskje fått nokon nye tankar om kva du kan gjere framover. For nokon kan det hende at ein faktisk må søke på midlertidige jobbar innanfor eit yrke ein ikkje har erfaring med frå før eller fortsette i deltidsjobben sin til andre moglegheiter kjem. Du kan derfor nytte tida til å planlegge kva du sjølv vil gjere framover. Det kan hende du finn ut at du vil engasjere deg i ein frivillig aktivitet, starte på eit nytt studie eller finne ut kva jobbar du kan tenke deg i framtida. Dette er tidspunktet der du kan planlegge kva du vil gjere vidare i karrieren din.

3. Finn ein «plan B»:

Dersom du ikkje kan fortsette å jobbe mot din opphavlege plan er det viktig at du ikkje stopper opp. Du kan alltids sørge for å fylle tida di med noko som er meiningsfullt for deg, til dømes melde deg på eit kurs eller jobbe frivillig i ein organisasjon du brenn for. På denne måten kan du unngå å få det arbeidsgivarar kallar for «hol i CV-en», og du tileignar deg ny kompetanse. Det kan derfor vere lurt å ha fleire planar i bakhovudet, både ein plan B og plan C. Av dette kan det dukke opp nye erfaringar som kan bringe karrieren i ein anna retning enn planlagt, men som kan vere nyttig for ditt framtidig arbeidsliv.

4. Kartlegge din eigen kompetanse:

Det er vanskeleg å vete kva du sjølv er god på. Du kan bli flinkare til dette ved å reflektere over kva erfaringar du har opparbeida deg tidlegare. Det kan vere med på å bevisstgjere kva kvalitetar du sjølv har til arbeidssøkarprosessen, noko som kan styrke dine intervjuferdigheitar og søknadsdokument. Dersom du opplev at du manglar ferdigheiter som er viktig for arbeidslivet, er kanskje dette tida for å gjere noko med det. Sjå på planane dine om att, og vurder dei ut frå kor du kan tileigne deg denne nye kompetansen.

5. Undersøke og kartlegge arbeidsmarknaden:

Arbeidsmarknaden i løpet av dei siste månadane har endra seg mykje. No kan det vere lurt å undersøke og kartlegge arbeidsmarknaden du sjølv ynskjer å vere ein del av. Dette kan du gjere gjennom å sjå på jobbannonsar og lese om andre sine arbeidserfaringar innanfor ulike næringar og arbeidsplassar du ynskjer å jobbe. Du kan mellom anna få lettare tilgang på dette ved å følgje bedrifter på sosiale medium, og følgje med og lagre søk på stillingsportalar. Dette vil gi deg innsyn i kva jobbar du kan få etter studiane, og kva kompetanse som er etterspurt.

6. Oppdatere CV og LinkedIn-profil:

Når du er bevisst på din eigen kompetanse samt veit kva kompetanse arbeidsgjevarar etterspør, er det viktig at din CV og LinkedIn-profil formidlar kven du er og kva du kan. CV-en og LinkedIn-profilen kan trenge ein liten oppfrisking dersom dei ikkje er oppdaterte på ei stund. Det finst mange råd på korleis ein best kan skrive desse, og ein fellesnemnar er at dei skal beskrive den personen du er og kva du kan bidra med på ein arbeidsplass.

7. Øve på intervjuteknikk:

Dersom du har tilarbeida søknadsdokumenta vil du auke sjansen for å bli innkalla til intervju. Det kan både vere skummelt og ubehageleg å vere på intervju, men dersom du har blitt kalla inn må du huske at du ein av dei utvalde som arbeidsgivar ynskjer å bli betre kjent med fordi du er relevant for stillinga. Derfor må du vere godt forberedt på kva du skal sei og korleis du kan formidle dette best mogleg framfor ein potensiell, framtidige arbeidsgjevar. Det kan du gjere ved å undersøke intervjuteknikkar, og kanskje du også kan øve framfor spegelen eller andre kjente som du er trygg på. I denne tida vil det vere stor sannsyn for at intervjuet er digitalt, og derfor vil det vere lurt å bli van med videomøteformatet på førehand.

8. Søke jobbar:

Sist, men kanskje også aller viktigast – fortsett å søk jobbar! Sjølv om denne usikre perioden pregar arbeidsmarknaden, vil ikkje ein slik situasjon vare evig. Det kan kjennast ut som at det er umogeleg å få seg jobb, men det treng det ikkje å vere. Likevel må ein sannsynlegvis forberede seg på at det kan ta noko lengre tid å få relevant jobb. Kanskje du må tenke annleis å søke andre plassar enn du normalt ville gjort, eller kanskje du er den rette til jobben du alltid har ynskja deg? Det gjeld uansett å ikkje miste håpet, og fortsette med å søke jobbar som før. Dersom du ikkje gir opp og lærer av erfaring undervegs, vil du til slutt komme i mål.

Dette var åtte tips du som avgangsstudent og arbeidssøkar kan gjere i denne tida for å forberede din karriere vidare. Det er viktig å huske på at du ikkje må jobbe slavisk og følge denne oppskrifta til punkt og prikke. Du må sjølv ta tak i din eigen situasjon og jobbe med dei elementa som er relevant for deg. Alt du gjer er uansett betre enn ingenting. Ta kontakt med UiA Karriere dersom vi kan hjelpe deg vidare på vegen. Lykke til!