0
Hopp til hovedinnhold

Å starte for seg sjølv - Mona Skisland

Mona Skisland har drive med hest heile livet. Allereie på barneskulen starta ho å leita etter forbetringar i hestebransjen. Med eit sterkt ønske om å skape endringar bransjen, etablerte ho i 2019 selskapet «EquiConnector». Der er målet å skape hesteglede for fleire.

Artikkelen er mer enn ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mona sammen med hesten sin

Eigentleg har Mona aldri hatt eit ynskje om å bli gründer, og starte si eiga bedrift. Likevel har ho alltid hatt eit sterkt ynskje om å gjere hestebransjen betre. I november 2018 var bedrifta hennar berre ein idé, men i dag kan ho kalle seg dagleg leiar av si eiga verksemd.

Kva er «EquiConnector»?
Namnet til «EquiConnector» kjem frå det latinske ordet «equi» som tyder hest. I tillegg ligg det i namnet at dei ynskjer å kople saman hestar og alt anna hesterelatert, til menneske. Dei har utvikla ein felles plattform for booking av aktivitetar med hest. Denne blir kalla «EquiBooker», og skal gi ein enkel oversikt for menneske som vil ri, samt å booke riding på en trygg og effektiv måte. Dette forenklar også kvardagen til ridesenter. «EquiConnector» leverer også kurs og konsulenttenester til hestebransjen innan marknadsføring, foto, innovasjon og forretningsutvikling. Dei har store framtidsplanar for korleis dei kan utvide si verksemd. Det er både dyrt og tidkrevjande å drive med hest, noko som gjer at mange blir ekskludert i denne hobbyen. Dette ynskjer «EquiConnector» å endre. «EquiConnector» jobbar med å lage fleksible alternativ med prinsipp frå delingsøkonomi. Dei består av fire tilsette og eit arbeidande styre. I tillegg har dei fleire ambassadørar som representerer «EquiConnector» i andre delar av landet.

Kva er UiA Nyskaping?
«EquiConnector» er ein del av UiA Nyskaping. UiA Nyskaping er UiA sin innovasjonssatsing. Dette er eit lågterskeltilbod der studentar og tilsette kan få hjelp til å realisere ein idé. På studentinkubatoren har studentar tilgang på mentorar samt eit nettverk av gründerar, kontorlandskap som kan nyttast til arbeid og kompetanse for å utvikle idéen vidare.

Korleis har prosessen frå idé til bedrift vore for deg?  
- Det har vore hardt arbeid, og læringskurva har vært bratt! Likevel synes eg det har gått overraskande bra. Eg har jo vore aktiv i gründermiljøet en stund, og høyrt ting som «du må regne med 99 nei for kvart ja», at «det kan ta fleire år før ein kan ta ut lønn» og at «7 av 10 verksemder går konkurs i løpet av 5 år». Eg var derfor forberedt på at det kunne bli langt tøffare, men hittil har vi i vertfall blitt tatt overraskande godt i mot av marknaden. 

- Når eg etablerte «EquiConnector» skreiv eg masteroppgåve i tillegg til å jobbe som marknadsførar, ri hestar og alt ein elles skal gjere. Det var beinhardt! Eg trur ikkje eg hadde gått for den kombinasjonen igjen. No er eg gründer på heiltid noko eg trivast godt med. Men det er klart det finst dagar kor eg saknar ein studentkvardag med betydeleg mindre ansvar. No avhenger verksemda, tilsette, samarbeidspartnarar og kundar på at eg leverer til kvar og ei tid. Det er tungt, men også veldig gøy.

Korleis har du klart å byggje din eigen arbeidsplass? 
- For å byggje ein arbeidsplass må du få folk med deg. Eg brenn for det eg driv med, og eg trur det skin gjennom i møte med andre. Til sjuande og sist er det at menneske har tru på det du driv med som gjer at du kan skape deg ein arbeidsplass. Det er nemleg desse menneska som blir dine kundar, brukarar, leverandørar og tilsette. Utan dei har du inga bedrift.

- Det er sjølvsagt også viktig å ikkje gje seg. Ta ansvar! Jobb hardt! Dette var det hestane som lærte meg, og forutan dei hadde eg nok ikkje vore den eg er i dag. I dag har eg mykje forskjellig arbeidsoppgåver i bedrifta. Men mitt hovudfokus er marknadsføring, strategi, forretningsutvikling og sal. Styret og dei andre tilsette har andre ansvarsområde. Vi hadde nok ikkje komme så langt om ikkje alle hadde hatt moglegheita til å jobbe med arbeidsoppgåver dei likar.

Kvifor tenkjer du at studentar som har ein idé burde starte ein bedrift? 
- Du har heilt klart nokon fordelar ved å starte bedrift som student. Du kan nytte deg av studentinkubatorar, bruke studentmiljøet til nettverk og rimeleg arbeidskraft, få gode prisar på konferansar og dra «studentkortet» for å få gode avtalar. Samtidig har du gjerne ein fleksibel timeplan. Men det er mange ulemper også, ikkje minst at som student har du gjerne dårleg råd. Du må også vere veldig strukturert for å lykkast med fri arbeidstid på to frontar. 

Mona sine tre tips til studentar som vil starte si eiga bedrift:

1. Forbered deg! Det er mykje du kan gjere før du startar opp. Bygg nettverk, spar pengar, lær deg nyttige ferdigheiter og følg med på kva som skjer i bransjen du skal inn i.

2. Prioriter! Du kan ikkje drive ein bedrift på fulltid samtidig som du opprettheld A i snitt, jobbar, trenar og er like mykje til stade for alle menneske rundt deg. Prioriter på førehand og ver realistisk.

3. Lag «Minimum Viable Product»! Dette er eit produkt som du lager av idéen din på enklast mogleg måte. Det er viktig å ikkje berre ha dette i eit produktperspektiv, men også for heile bedrifta.