Semesterregistrering er ei rutine du må gjere på Studentweb i byrjinga av kvart semester. For nye studentar er semesterregistreringa tilgjengeleg frå ca 4. august / 2. januar. Det er du som student som er ansvarleg for at alle registreringar er gjort innan dei fastsette fristane.
Forklaring til innhaldet i Studentweb
Framsida på Studentweb viser deg viktige meldingar som tek for seg status på semesterregistrering og betaling samt andre viktige hendingar som for eksempel eksamensdatoar og andre påminningar.
Din profil
Oppe til høgre under namnet ditt finn du "profilen din". Her vedlikeheld du generell informasjon som adresse, mobilnummer og e-post, samt gir ulike samtykker.
Namn og heimeadresse oppdateres mot folkeregisteret ca 1. juni og 1. desember. Har du endra namn og ynsker det endra med ein gong, gje oss beskjed
Privat e-postadresse og mobilnummer
Om du har registrert dette i eit felles offentleg kontaktregister, så hentes opplysningane derfrå, og du må eventuelt vedlikehalde dem der. Om du ikkje har tatt i bruk felles offentleg kontaktregister, vedlikeheld du privat e-postadresse og mobilnummer i Studentweb.
Bruk av bilete fra studentkort
Her samtykker du til at bilete du tok for bruk på studentkort kan brukast i interne system faglærar brukar knytt til undervisninga, til høva klasselister og oppmøteregistrering. Bilete vil aldri bli brukt i eksterne system eller i system som er tilgjengelege for medstudentar. Ved å samtykke til dette, gjer du arbeidet for faglærar enklare.
Studium
Denne sida gjev oversikt over alle studieprogram som du er knytt til på UiA. Her ser du utdanningsplanen din. De emner du ser for inneverande semester, blir du automatisk undervisnings- og vurderingsmeld til ved semesterregistreringa. Du kan redigere undervisnings- og vurderingsmeldingar etter at du har semesterregistrert deg innan fristen (1. september for haustsemester og 1. februar for vårsemester).
Aktive emne
Her kan du melde deg til emne som du har studierett til, men som ikkje ligg i utdanningsplanen din. NB! Oppmeldingsfrist er den same som fristen for semesterregistrering; 1. februar/1. september.
Resultat
Her finn du oversikt over oppnådde kvalifikasjonar og resultat. Det er også her du tingar karakterutskrift og ser opplysningar som UiA har rapportert til Lånekassa.
Resultat UiA har innhenta frå andre institusjonar finn du også her.
Her finn du oversikt over kommunikasjonen frå UiA til deg (e-post og SMS).
Betaling
Du skal opprette faktura sjølv. Klikk på «Opprett faktura».
Viktig om fristar og registreringar
Kontroller at det på framsida i Studentweb står at du er registrert for inneverande termin og at semesteravgifta er betalt.
Dersom du ikkje har betalt semesteravgifta innan fristen 1. september / 1. februar, vil vurderingsmeldingar bli sletta og du reknast ikkje som student for det aktuelle semesteret.
Alle fristar er absolutte dersom det ikke føreligg særskilde grunnar til forseinking. Fristar som ikkje vert halde kan få store konsekvensar, for eksempel i form av forseinkingar i studiet.