Alle ikkje-kommersielle lag, foreiningar og aktivitetar kan bestilla standplass på UiA.
All aktivitet, også intern aktivitet, skal meldast frå om.
Når du sender inn skjemaet vil du få ei stadfesting på e-post. Dette er ikkje ei bestillingsstadfesting. Den kjem først når me har undersøkt om lokala er ledig og registrert bestillinga.
Me vurderer berre bestillingar som gir beskjed 2-3 vyrkedagar på førehand.
Studentar og tilsette loggar inn med UiA-brukaren sin via FEIDE. Stadfesting blir send til UiA e-post. Eksterne gjester loggar inn med ID-porten. Stadfesting blir send til e-posten som er knytt til profilen din.
Reglement for standplass ved Universitetet i Agder
Universitetet i Agder (UiA) ønskjer å skape eit miljø i Vrimlehallen ved Campus Kristiansand og i Gata ved Campus Grimstad der studentane kan engasjere seg, lære og delta, utan å bli utsette for pågåande aktivitet. Vi ser samtidig verdien i samarbeid med eksterne aktørar og ønskjer å tilby eit balansert og relevant nærvær på standplassane våre.
Tillaten standsaktivitet
Alle studentaktiviterer og -foreiningar med medlemmer på UiA kan bestille standplass.
Dei største kultur- og idrettsaktørane i universitetsbyane eller regionen som er UiAs samarbeidspartnarar, inkludert Kilden, Kunstsilo, IK Start, Vipers Kristiansand, Amazon Grimstad, KRS Håndball, ØIF Arendal, Sia, Kristiansand studentsamfunn/Bare studenthus og Grimstad studentsamfunn, kan ha stand for å informere om og selje billettar til hovudarrangementa sine. Kommunikasjonsdirektøren godkjenner eventuelle unntak eller nye aktørar på denne lista.
Kommersielle og ideelle aktørar kan ha stand i samarbeid med UiAs linjeforeiningar og studentaktivitetar, så lenge aktiviteten er informativ (til dømes om karrieremoglegheiter eller stipend) og ikkje salsretta. Linjeforeininga eller aktiviteten skal stå på standen saman med ekstern aktør.
Ikke-tillaten standsaktivitet
Ingen formar for pågåande sal eller marknadsføring er tillaten.
Politisk eller religiøs aktivitet som ikkje er relatert til studentval eller studentaktivitetar er ikkje tillaten.
Kommersielle og ideelle aktørar utan eit aktivt samarbeid med ei linjeforeining eller UiA er ikkje tillate standplass.
Unntak ved større arrangement
Under større arrangement som Sørlandsk lærarstemne, Karriereveka og liknande, vil det vere andre retningslinjer som gjeld.
Spørsmål?
Ta kontakt med UiA Hjelp om du har spørsmål eller treng hjelp med skjemaet.