Studentane kan velje å trekkje seg under eksamen. Dei som gjer det, har same rett til utsett eksamen som dei som stryk til eksamen eller har gyldig fråvær under eksamen. Om du trekkjer deg under eksamen, bruker du eitt av dei tre eksamensforsøka dine i emnet jf. forskrift om studieprogram og eksamen ved UiA § 23.
Merk at dersom du ynskjer å ta utsett eksamen etter å ha trekt deg under eksamen, må du sjølv melde deg opp innan ordinær meldingsfrist – det er ikkje noko som blir gjort automatisk.
Eksamen på papir
For å trekkje deg under eksamen, må du fylle ut eit trekkskjema som du anten får i eksamenslokalet (ved skriftleg eller munnleg eksamen) eller i Servicetorget (dersom du vil trekkje deg frå oppgåve, heimeeksamen eller liknande).
Digital eksamen i Inspera
For dei som skal levere ei oppgåve, gjennomføre heimeeksamen eller skriftleg skuleeksamen i Inspera, kan ein trekkje seg under eksamen i Inspera. Skal du trekke deg under skoleeksamen kan du be eksamensvakta om hjelp.