Dersom du har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under ein eksamen eller prøve eller handlar i strid med reglar om kjeldebruk i skriftlege arbeid (eksamen eller obligatorisk innlevering), vil du kunne bli mistenkt for fusk.
Ved UIA er følgjande definert som fusk:
å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen
å presentere arbeid andre har gjort, som sitt eige
å sitere eller på annan måte nytte kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar
å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare eksamensarbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar
å ha skaffa seg tilgang til eksamen ved å ha fuska ved prøve og liknande som er vilkår for å gå opp til eksamen, eller ved på urett grunnlag å ha fått godkjenning for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre obligatoriske aktivitetar
ureglementert samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper
å handle i strid med denne forskrifta eller retningsliner for kvar eksamen
Dersom du ikkje oppgjev kjelder til tekst henta frå litteraturen, artiklar eller internett (sitat eller parafrase) i ein skriftlig heimeeksamen eller ei obligatorisk innleveringsoppgåve, gjer du deg skuldig i plagiat. Plagiering blir rekna for fusk.
Som student har du sjølv eit ansvar for å setje deg inn i kva for hjelpemiddel som er tillatne under eksamen og kva reglar som gjeld for kjeldebruk.
UiA ser alvorleg på fusk. Dersom du fuskar, kan det medføre at innleveringsoppgåva eller heimeeksamenen blir annullert. I tillegg kan du bli stengd ute frå universitetet i inntil eitt år. Ved utestenging vil du også miste retten til å gå opp til eksamen ved alle norske universitet og høgskular i utestengingsperioden. Reaksjonen vil først og fremst avhenge av om handlinga di var forsettleg (tilsikta) eller grovt aktlaus. Det vil også bli tatt omsyn til omfanget av fusk og studieerfaringa di.
Saksbehandling
Det er klagenemnda ved universitetet som behandlar fuskesaker. Normalt har klagenemnda vedtatt annullering av eksamen/prøve og utestenging i eitt semester i saker der det ligg føre grov uaktsemd. I saker der det ligg føre forsettleg fusk, har klagenemnda normalt vedtatt annullering av eksamen/prøve og utestenging i to semester.