Studentar som fullfører graden sin (bachelor og master) på normert tid, skal få vitnemålet automatisk.
Har du vore på utveksling, teke emne/studium ved andre institusjonar eller er forseinka i studiet, må du i mange tilfelle bestille vitnemål. Dette gjer du ved å kontakte eksamenskontoret.
Frå våren 2022 vil det berre utskrivast digitalt vitnemål. Vitnemålet er tilgjengeleg i Studentweb og Vitnemålsportalen.
Vitnemålet blir tilgjengeleg straks etter godkjenning og digital signering. Vitnemålet vil dessutan vere tilgjengeleg 24 timer i døgnet for deling med til dømes arbeidsgjevarar og studiestader.
Digitale vitnemål kan lastast ned og delast med digital signatur, eller det kan delast direkte fra Unit si teneste Vitnemålsportalen, som gjer det mogleg for alle med høgare utdanning å dele sine resultat med arbeidsgjevarar og lærestader på ein enkel og sikker måte.
Studentar som tidlegare har fått utskrive vitnemål på papir vil ikkje kunne få vitnemålet digitalt.
Studentar utan norsk fødselsnummar får vitnemål på papir sendt til heimstadsadressa si. Dette gjeld fram til Vitnemålsportalen er tilgjengeleg for pålogging for personar utan norsk fødselsnummer. Sjekk at du er registrert med rett heimstadsadresse i Studentweb!
Utsette utskriving av vitnemål
Gi beskjed til eksamenskontoret i god tid før vitnemåla vert skrive ut (ca. juni). Ein student kan reservere seg mot å få vitnemål i inntil to semester etter oppnådd grad jf. forskrift om studieprogram og eksamen ved UiA §17, punkt 4.
NB! Eit vitnemål er endeleg, og det er ikkje mogeleg å få eventuelle forbetringar av karakterane inn på eit vitnemål som allereie er skrive ut. Vi skriv heller ikkje ut nytt vitnemål i samband med namneendring. Namnet på vitnemålet speglar det ein heitte då ein tok studiet.
Treng du papirversjon av ditt digitale vitnemål?
Ditt digitale vitnemål er originaldokumentet. Det følgar ein internasjonal standard og skal godtakast av alle.
Skal du søkje opptak ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon eller arbeid utanfor Noreg, og det er krav om vitnemål og Diploma supplement på papir?
Alle studentar som vert uteksaminerte frå UiA, vil automatisk og utan kostnad få vitnemål og Diploma Supplement.
Diploma Supplement vert skrive ut på engelsk og inneheld ei oversikt over studieprogram og karakterar som studenten har oppnådd. Intensjonen med Diploma Supplement er å sørgje for transparens i høgre utdanning og sikre ei rettferdig akademisk og yrkesmessig godkjenning av kvalifikasjonen på tvers av landegrenser. På denne måten vert det også lagt til rette for vidare studium i andre utdanningssystem.
Studiepoeng- og karaktersystem
Studiepoeng
Studieåret varar normalt i 10 månadar. Eit fullt studieår er berekna til 1500–1800 arbeidstimar og 60 studiepoeng.
Karaktersystemet
Karaktersystemet i Noreg består av to karakterskalaer: ein skala med karakterane 'bestått' og 'ikkje bestått', og ein gradert bokstavkarakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.
A – Framifrå Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
B – Mykje god Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
C – God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
D – Nokså god Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
E – Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.
F – Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
Autorisasjon for helsepersonell
Fullført bachelor i bioingeniør, sykepleie eller vernepleie gir grunnlag for å søke autorisasjon etter helsepersonelloven.
UiA sender en oversikt til Helsedirektoratet over alle studenter som har fullført og bestått en helsefaglig utdanning som krever en autorisasjon. Dette gjelder også selv om du ikke har fullført studiet etter normert tid. Det betyr at du ikke behøver å søke om autorisasjon selv. Merk:
Du må betale et gebyr (kr 1 665) via Altinn for å få autorisasjon.
Du vil motta en e-post fra Altinn hvor du får beskjed om å logge inn og betale. NB! Sjekk at du har rett kontaktinformasjon registrert på Altinn
Når betalingen er gjennomført vil du normalt bli autorisert i løpet av noen minutter.
Du får ikke purring fra Altinn dersom du ikke betaler.
Dersom du ikke har betalt innen 60 dager må du selv søke om autorisasjon og behandlingstiden er 4–6 uker fra du sender søknad.
Sjølvvald bachelor er ein grad oppnådd på grunnlag av emne som omfattar 180 studiepoeng og inneheld enten ei fordjuping eller eit fullført 2-årig integrert studieprogram.