Canvas har stønad for eksterne tenester, slik at du kan bruke mange av dei verktøya du bruker til vanleg saman med Canvas. For eksempel kan du sende inn oppgåver direkte frå Google Drive til Canvas, og opprette og dele dokument med medlemer av emna. Andre tenester som kan brukast saman med Canvas, er blant andre Skype, LinkedIn, YouTube og Microsoft Office 365. Nokre tenesteintegrasjonar vil også vere fagspesifikke, som for eksempel samhandlingsverktøy for studentar i programmeringsemne. Fleire integrasjonar mellom tenester og Canvas vil bli utarbeidde i framtida.
I tillegg har Canvas eit system for meldingsvarsling omkring forskjellige aktivitetar. Du kan få varsel når det kjem ei kunngjering eller når somme svarer på eit innlegg i ein diskusjon, blant anna. Du vel sjølv kor og når du skal motta desse meldingsvarsla, via sida for innstillingar.
Ta kontakt med faglæraren din for å lære meir om verktøya du kan bruke med Canvas.