Målet med utdanningsplanen er å sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom studenten og institusjonen. Utdanningsplanen er ein reidskap for studenten til å kunne planleggje heile sitt studieløp, samstundes som det skal gje institusjonen best mogleg føresetnader for å kunne planleggje undervisninga og følgje opp sine plikter ovanfor deg som student.
Rettigheter og plikter
Les og stadfest at du er inneforstått med Rettigheter og plikter dersom denne dukkar opp.
Endringar i utdanningsplan
Du kan gjere endringar i din utdanningsplan innen fastsette fristar. Nokre endringar kan du gjere sjølv, medan andre berre kan gjerast etter rettleiing. Informasjon om ditt studieprogram finn du i studieplanane. Dersom du vil avlegge eksamen i emne som ikkje inngår i din utdanningsplan, eller som du ikkje får godkjenning for, må du melde deg til desse emna utanom utdanningsplanen. Dersom du vil å ta studiet på deltid, må du kontakte studiekonsulent/ studierettleiar på ditt fakultet for å få utført endringane i utdanningsplanen. Permisjon kan innvilgjast etter skriftleg søknad. Merk at dersom du ikkje fyller progresjonskrav og intensjonen i høve til utdanningsplanen, kan dette få følgjer for din studierett, jfr. Forskrift om studier og eksamen ved Universitetet i Agder.
Hugs! Ta kontakt med studieveiledaren din ved fakultetet for å få oppdatert utdanningsplanen din ved endringar av studieforløp.
Frist for stadfesting av utdanningsplan
Fristen for å stadfeste utdanningsplanen er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Når semesteravgift er betalt og utdanningsplan stadfesta, sender vi semesterkvittering til den semesteradressa du har meldt inn i Studentweb.
Forventa arbeidsinnsats
Arbeidsinnsatsen for ein fulltidsstudent er forventa å tilsvare minimum 1600 timar per studieår.
Regelverk
Institusjonens aktivitet vert styrt av nasjonale lovar og forskrifter, samt reglement fastsett ved universitetet. Det er viktig at du gjer deg kjend med dei viktigaste lovar og forskrifter som gjeld. Les meir om regelverk.
Studentevaluering som del av kvalitetssikringssystemet
Ved å stadfeste utdanningsplanen, pliktar du å ta del i universitetets evalueringar av emne og studieprogram. Les meir om evalueringar.