Betal semesteravgifta så snart som mogleg og seinast innan 1. september (for haustsemesteret) og 1. februar (for vårsemesteret). Det er ei forutsetning for å få lasta ned gyldig app for studentbevis (semesterkort), studentkort og få utbetalt støtte frå Lånekassa. Du opprett sjølv betalingsinformasjon under "betaling" i din Studentweb.
Frå 10. juni i haustsemester og 10. desember i vårsemester kan du få betalt semesteravgifta i din Studentweb. Du oppretter sjølv faktura under "betaling".
Merk at det tar to til tre virkedagar fra du har betalt til vi har fått inn betalinga di i våre system.
Semesteravgift
Du opprettar faktura sjølv i din Studentweb. Om fakturaen ligger inne på "feil studium" har det ingenting å si. Vi registrerer betalingen på deg som student, ikke hvilket studie du går på.
Du må kvart semester betale studentavgift for å bli registrert som student, ta eksamen, få utbetaling frå lånekassa og for å kunne laste ned gyldig app for studentkort/motta semesterkort. Appen/semesterkortet stadfester at du er student dette semesteret. Du treng appen/semesterkortet for å nytte tenester frå Studentsamskipnaden i Agder (SiA) og for å få rabatt på m.a. reiser.
Dersom du ikkje betaler studentavgifta innan 1. februar / 1. september, blir du ikkje rekna som student og eksamensoppmeldingane dine vil bli sletta.
Alle innan ordinær studietid som har betalt semesteravgifta og semesterregistrert seg, får i byrjinga av desember/juni lagt ut betalingsinformasjon (KID-kode, kontonummer og beløp) som gjeld semesteravgift for neste semester på Studentweb. Dersom du ikkje har nettbank, kan du bestille papirgiro på Studentweb. Den blir sendt til heimstadadressa di om sommaren og i juleferien og til semesteradressa di elles. Ikkje bruk manuelt utfylt giro.
Hugs å nytte KID-koden når du betaler i nettbank.
For inneværende studieår er semesteravgift og andre avgifter er på kr 685,- og går til:
Semesteravgift til SiA og Norsk studentorganisasjon: kr. 485,-
Kopinoravgift: kr. 200,-
I tillegg er det ein valfri avgift til SAIH: kr. 40,-
Dei som ynskjer å stø Studentene og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) med kr 40, betaler kr 725,-. Sjå informasjon her. Legg merke til at giroen i Studentweb ligger automatisk på kr. 725,-. Dersom du ønsker å betale kr. 685,-, må du selv endre dette når du gjennomfører betalingen din i nettbanken.
Fyste gang du betalar semesteravgifta di, får du kr. 50,- inn på studentkortet ditt. Etter dette, må du betale inn sjølv.
Dersom du betaler studentavgift til ein anna høgskule eller universitet, blir ikkje betalinga automatisk registrert i studentsystemet ved UiA. Du må difor vise/sende dokumentasjon på at du har betalt studentavgift, slik at det kan bli registrert manuelt ved UiA. Kom innom UiA Hjelp på din campus eller send eit brev/e-post til UiA Hjelp med kopi av bevis på at du har betalt studentavgifta. Husk å ta med fullt namn og studentnummer.
Sommarsemester
Studentar i sommarsemesteret betaler semesteravgift som også gjeld for hausten. Dersom dei skal halde fram med studiane i haustsemesteret, treng dei ikkje betale.
Frist for å få refundert semesteravgifta er 15. februar for vårsemesteret og 1. oktober for haustsemesteret.
Doktorgradsstudentar
"Doktorgradskandidatar som får stønad frå Statens lånekasse for utdanning etter reglane i sjette del i forskriftene til lov om utdanningsstønad til elevar og studentar, gjennom NUFU-programmet eller andre NORAD-finansierte program kan velje å betale semesteravgift. Ved tvil skal utdanningsinstitusjonen, etter å ha rådført seg med Studentsamskipnaden, avgjere om ein person skal reknast for å vera student etter første ledd." Jfr. Forskrift om studentsamskipnader § 17. Dette tyder at det berre er dei doktorgradsstudentane som er i de nemnte programma, eller som får stønad frå Statens lånekasse (etter gjeldande reglar) som kan velje å betale semesteravgifta. Alle andre doktorgradsstudentar skal ikkje betale.